Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktsam bruk av bilete og sitat i journalistikken

Ver Varsam-plakaten stiller dei same krava til varsemd ved bruk av bilete som til skriftleg og munnleg framstilling. Journalisten skal vidare vere open om underliggjande forhold som kan vere relevante for publikum si oppfatning av det journalistiske innhaldet.

Oppgåve 1) Skriv ein bilettekst

Les NRK sitt innlegg: "Aps mektige partisekretær om bildet av at Kjerkol «feira» med Giske – Dette var ingenting

Les May Britt Lagesens innlegg hos Trønderdebatt: VGs fremstilling er feil! Det blir ikke feiret i Trøndelag Ap for tiden

  1. Kva tenkjer du om bileta av Giske og Kjerkol etter å ha lese innlegga?
  2. Skriv ein bilettekst som du meiner er dekkjande for biletet av feiringa til AP Trøndelag.
  3. I mediekommentaren sin kallar Sven Egil Omdal VG sitt oppslag "bevisst tendensiøs journalistikk". Kva betyr det, og kva meiner du om denne påstanden?
  4. Forklar kva som kjenneteiknar kritisk journalistikk, og set dette i samanheng med dine eigne meiningar.

Oppgåve 2) Gjer deg kjend med saka

Les NRK-oppslaget: Sofie om VG-saken: – Helt forferdelig å miste kontroll over min egen historie

  1. Kvifor meiner den kvinnelege kjelda at ho er misbruk av journalisten som skreiv om Bar Vulkan-saka?
  2. Kva konsekvensar fekk dette oppslaget for Trond Giske?
  3. VG vart seinare dømd i Pressens Faglige Utvalg (PFU) for brot på Ver Varsam-plakaten. På kva punkt i Ver Varsam-plakaten vart VG felt?
    Les saka i Kampanje: Massiv fellelse av VG i PFU: - En skamplett i norsk pressehistorie

Oppgåve 3) Lag ei samanfatning

Professor Svein Brurås er kritisk til PFU si behandling av Bar Vulkan-saka på eitt område. Kva er hans tankar om VG sine val av bilete i saker som desse? Les kommentaren til Brurås, og skriv ei samanfatning av det han skriv om VG sine val av bilete.

Svein Brurås: Bar Vulkan-saken i PFU – en kommentar

Set samanfatninga i samanheng med det du jobba med i oppgåve 1 og 2, og rediger det du har av tekst til eit meiningsinnlegg om saka. Lever etter avtale med lærar.


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Presseetikk