Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering i emnet presseetikk

Kva kan du om presseetiske reglar, pressa sin sjølvjustis og kvifor det er viktig med eit tydeleg skilje mellom journalistikk og marknadskommunikasjon?

Læringsmål

Når du har jobba med dette emnet, bør du

  • vite kva presseetikk er og ha kjennskap til Ver Varsam-plakaten og PFU

  • kunne peike på sterke og svake sider ved prinsippet om media sin sjølvjustis

  • forstå kvifor kjeldevern i nokre tilfelle er nødvendig

  • kunne reflektere over etiske problemstillingar som oppstår når ein journalist bruker utradisjonelle arbeidsmetodar

  • kunne drøfte i kva grad uklare skilje mellom journalistikk og marknadsføring svekker truverdet til nyheitsmedia

Viktige omgrep i emnet presseetikk

Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne: