Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å arbeide i ein barnebustad

I denne episoden av serien Helene sjekker inn får du innsikt i korleis det er å bu og jobbe i ein avlastingsbustad for barn med nedsett funksjonsevne.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein barnebustad?

  2. Korleis kan det opplevast for foreldre når dei har behov for avlasting for sitt eige barn?

  3. Kven kan arbeide i ein barnebustad?

  4. Kva arbeidsoppgåver er det for fagarbeidaren i ein barnebustad?

  5. Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 regulerer bruk av tvang og makt i tenesta for personar med psykisk utviklingshemming. Kva er formålet med å regulere bruk av tvang og makt?

  6. Kva kan du gjere i staden for å bruke tvang og makt? Gi døme.

  7. Kva er eit verdig liv?

  8. Kvifor er det viktig å legge til rette for gode opplevingar for barn som bur i barnebustad?

Kommunikasjon

  1. Korleis kan du kommunisere med barn som ikkje har språk, slik at dei skal bli kjende med deg og trygge på deg?

  2. Korleis er det mogleg å kommunisere utan tale, og kva hjelpemiddel kan du ta i bruk? Gi døme.

  3. Kvifor er observasjon viktig når du skal kommunisere med barn som ikkje har talespråk?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Bustad- og institusjonstenesta