Hopp til innhald
Film og filmklipp

Å arbeide på ungdomsheim

Ungdomsheim er ein barnevernsinstitusjon for ungdom. Han gir dagleg omsorg til barn og unge som for kortare eller lengre tid treng å bu utanfor sin eigen heim. I denne episoden av serien Helene sjekker inn får du eit innblikk i korleis det er å bu og arbeide på ein ungdomsheim.

Utfordringar til deg

  1. Kva årsaker kan det vere til at ungdom har behov for å bu på ungdomsheim?

  2. Kva er målet for ungdomsheimen?

  3. Kvifor er det viktig at ungdommane har tillit til deg?

  4. Korleis kan du som fagarbeidar skape gode relasjonar til ungdom?

  5. Kva er ein tiltaksplan?

  6. Korleis kan tette band i ein ungdomsheim gi utfordringar?

Motivasjon

Diskuter dei følgande punkta med ein eller fleire medelevar.

  1. Det å oppleve medbestemming, meistring og tilhøyrsel er viktige faktorar for motivasjon. Ungdom som kjem til ein ungdomsinstitusjon, kan ha hatt negative opplevingar på desse områda. Korleis kan du som fagarbeidar støtte motivasjonen til ungdommar til å delta i meiningsfylte aktivitetar i kvardagen?

  2. Rutinar er ein viktig del av motivasjon. På kva måtar kan rutinar bidra til motivasjon?

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er motivasjon?

Dei fleste har ei klar oppfatning om kva motivasjon er, og kva som skaper motivasjon. Motivasjon er når du er engasjert i ein aktivitet.

Fagstoff
Konsekvensar av omsorgssvikt

Forsking har vist at barn som har opplevd omsorgssvikt, har auka risiko for fysiske og psykiske utfordringar seinare i livet.

CC BY-SA 4.0Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022