Hopp til innhald

Fagstoff

Barnebustad og avlastingsbustad

Familiar som har barn med behov for særskild tilrettelegging, kan velje å la barnet bu i ein barnebustad eller avlastingsbustad i periodar. Som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar kan du arbeide i slike institusjonar.
Ein vaksen står bak eit barn og hjelper til med å kutte opp maten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rett til særleg omsorg og avlasting

Ifølgje barnekonvensjonen artikkel 23 har barn med nedsett funksjonsevne rett til særleg omsorg. Den hjelpa som blir gitt, skal vere innretta slik at barnet med nedsett funksjonsevne får eit fullverdig og godt liv. Barnet, foreldra eller andre omsorgspersonar skal få den hjelpa dei har søkt om, og som er rimeleg ut frå tilstanden til barnet.

Foreldre og omsorgspersonar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver, har rett til avlasting. Det er ansvaret til kommunen å tilby avlastingstenester.

Kva er barnebustad og avlastingsbustad?

Det er ein bustad for barn og unge under 18 år som bur utanfor foreldreheimen som følgje av behov for særleg omsorg. Her bur barn og unge heile døgnet. Barn i barne- og avlastingsbustader har funksjonsnedsetjingar og eventuelt sjukdom(meir) som krev ekstra omsorg og/eller pleie. I praksis skil vi ofte mellom omgrepa barnebustad og avlastingsbustad.

Barnebustad

Barnebustad blir nytta når det er behov for at barnet bur fast i ein bustad utanfor heimen. Barnebustad er eit bo- og tenestetilbod for barn som har eit omfattande omsorgs- eller oppfølgingsbehov som følgje av store funksjonsnedsetjingar. Foreldra har framleis foreldreansvaret, men dei tilsette i bustaden varetek den daglege omsorga for barnet på vegner av foreldra.

Avlastingsbustad

Avlastingsbustad blir nytta når familiar får tilbod om avlasting til heimebuande barn. Avlastingsbustaden er eit bo- og tenestetilbod som varetek dei daglege omsorgsoppgåvene til foreldra i kortare eller lengre periodar ved at barna "flyttar inn" i avlastingsbustaden.

Arbeid i ein barne- eller avlastingsbustad

Barne- og avlastingsbustaden skal bidra til å gi gode oppvekstvilkår for barn som har funksjonsnedsetjingar. Barna skal sikrast eit fullverdig og godt liv under forhold som sikrar verdigheit, fremjar sjølvstende og bidreg til den aktive deltakinga til barnet i samfunnet.

Hjelpa skal vere innretta slik at barn med funksjonsnedsetjingar har effektivt tilgjenge til og får undervisning og opplæring. Barnet skal få hjelp til å trene opp og halde ved like kunnskapar og evne til meistring. Barnet skal òg få naudsynt helsehjelp, herunder medisinering som barnet har behov for, i bustaden. I bustaden må det òg vere moglegheit for kvile og rekreasjon. Det skal vere mogleg for barnet å få besøk. På den måten vil hjelpa som blir gitt, bidra til å fremje både den sosiale integreringa og personlege utvikling for barnet. Det skal leggjast til rette for både individuelt tilpassa aktivitetar og fellesaktivitetar.

Utforming av bustaden

Bustadene er ofte lik ein vanleg heim, med naudsynte tilpassingar til barnet. Barnet har eit eige rom som kan innreiast med personlege eigedelar. Fellesromma, til dømes stove og kjøkken, er tilpassa behova til barna for felles måltid, leik og andre aktivitetar, ut frå alder og interesser. Bustadene ligg ofte gunstig til for skule, fritidsaktivitetar og leikeareal.

Talet på barn som bur i bustaden, vil variere. Det blir tilrådd at det ikkje bur fleire enn fire barn i ei bueining (leilegheit). Barna som bur saman, passar ofte saman ut ifrå alder, interesser og behov.

Eit barn i rullestol. Ein vaksen står ved sida. To barn held i kvar sin støttestol på hjul. Dei har ein fotball mellom seg. Ei jente bøyer seg og tek opp ein fotball. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppgåver og ansvar

Dei som arbeider i bustaden, skal på vegner av foreldra dekkje omsorgsbehovet til barnet. Dei skal bidra til at barnet har ein trygg plass å bu. Bustaden skal vere ein stad der barnet trivst med trygge og omsorgsfulle vaksne.

Dei tilsette skal planleggje tiltak og gjennomføre dagleg tenesteyting som tek vare på behovet det enkelte barnet har for variert og tilpassa aktivitet og sosialt samvær. Dei skal ta omsyn til dei sosiale og helsemessige utfordringane i barna ved planlegging og gjennomføring av aktivitetar. Det er òg viktig å ta omsyn til ønska og interessene til barnet og å leggje til rette for meistring. Viss barnet deltek i fritidsaktivitetar, skal barnet halde fram med det under opphaldet i bustaden.

Som tilsett i ein barne- eller avlastingsbustad skal du vere med på å førebu og gjennomføre måltida. Ofte vil det vere behov for ein-til-ein-oppfølging under måltida, spesielt til barn med ernæringsutfordringar. Som tilsett må du derfor vite korleis maten bør lagast til og serverast, og vite kva slags hjelp den enkelte treng.

Barn med alvorlege funksjonsnedsetjingar kan òg ha fleire tilleggssjukdommar. Dette kan til dømes vere epilepsi, sanse- og organsvikt, ernæringsmessige problem, åtferdsproblem eller psykiske tilleggslidingar og liknande. Det kan derfor vere naudsynt med helsehjelp til enkelte barn. Kvalifisert personell med helsefagleg kompetanse skal utføre slik hjelp.

Kven jobbar i bustad?

I ein bustad er det ein verksemdsleiar. Verksemdsleiaren har ofte medisinfaglege kvalifikasjonar og kan derfor handtere legemiddel som dei enkelte barna har behov for.

Dersom du skal arbeide i bustad, må du ha grunnleggjande kunnskap om det alminnelege behovet til barn i dei aktuelle aldersgruppene. Du må i tillegg ha kunnskap og forståing for dei utfordringane det medfører for barna å bu større eller mindre deler av tida utanfor foreldreheimen og under omsorg av andre enn foreldra. Fagpersonane som jobbar i bustad, har ofte helsefagleg utdanning eller barnefagleg utdanning som barne- og ungdomsarbeidarfag.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor har foreldre med barn med funksjonsnedsetjingar behov for avlasting?
  2. Kva skal prege ein barnebustad når det gjeld utforming?
  3. Kva skal ein leggje vekt på i arbeidet med barna i ein barne- eller avlastingsbustad?

Kjelder

Foreinte nasjonar. (2003). FNs konvensjon om barnets rettigheter: Vedtatt av De forente nasjoner 20. november 1989, ratifisert av Norge 8. januar 1991: Revidert oversettelse mars 2003 med tilleggsprotokoller. Barne- og familiedepartementet. https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kilde/bfd/bro/2004/0004/ddd/pdfv/178931-fns_barnekonvensjon.PDF

Helse- og omsorgstenestelova. (2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (LOV-2011-06-24-30). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30

Statens helsetilsyn. (2009). Veileder for landsomfattende tilsyn 2009: Kommunale sosial- og helsetjenester til barn i barne- og avlastningsboliger (Internserien 1/2009). https://www.helsetilsynet.no/globalassets/opplastinger/publikasjoner/internserien/veileder_barneboligtilsyn2009_internserien1_2009.PDF/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Bustad- og institusjonstenesta