Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjon når barnet er utviklingshemma

Alle levande menneske kommuniserer med omverda. Kommunikasjon er sjølve grunnlaget for eksistensen vår, både som enkeltmenneske og som samfunn. Språket er det verktøyet vi bruker for å uttrykke tankar, kjensler og skildringar av verda rundt oss.

Kommunikasjon

Måten vi uttrykker oss på gjennom talespråk, skriftspråk, kroppsspråk, gestar og teikn, er svært forskjellig frå person til person. Eit spedbarn som ser på deg, partileiarar i politisk debatt eller ei gammal dame med demens som roper på mor si – språkuttrykka deira er svært ulike, og det er òg det dei ønsker å uttrykke. Korleis vi møter spedbarnet, partileiarane og den gamle dama, er heilt avgjerande for korleis samspelet mellom oss utviklar seg. Avviser vi dei, går vi dei i møte på ein overflatisk måte, eller gjer vi det vi kan for å forstå dei? Følger vi opp dialogen slik at det kan utvikle seg eit godt samspel og ein god relasjon mellom oss?

Styrke moglegheita for kommunikasjon

Menneske med utviklingshemming kan ha nedsett funksjonsevne på viktige område som har med tenking, merksemd, minne, læring og språkforståing å gjere. I tillegg har mange nedsett syn og høyrsel. Andre kan ha sensomotoriske problem, slik at dei får ufrivillige rørsler eller forseinka reaksjonstid når dei skal røre på musklar og ledd.

Menneske med slike samansette problem får ofte vanskar med å uttrykke seg. Dei får òg problem med å gi respons til dei dei er saman med. Det blir vanskeleg for dei å velje sjølve når dei har nedsett evne til å sjå og forstå verda rundt seg. Difor er det viktig at vi gjer det vi kan for å styrke høva deira til dialog med omverda så tidleg som råd i livet. Det er òg viktig at dei heile livet blir følgde opp, slik at dei får halde dialogen ved like.

Samvær med andre jamaldringar, både med og utan utviklingshemming, gir eit viktig grunnlag for både sosial utvikling og språkutvikling. I tillegg må pedagogar, omsorgsgivarar og bistandsytarar heile tida arbeide med dialogen mellom seg sjølve og den utviklingshemma.

Sjå og bli sett

Å styrke språkferdigheitene og evna den funksjonshemma personen har til samspel, får konsekvensar for alle sider ved livet. Det handlar om noko så viktig som "å sjå og bli sett". Å bli sett og forstått slik vi er, er heilt grunnleggande for korleis vi opplever livskvalitet og menneskeverd. Det er òg viktig at vi ser og forstår verda rundt oss for å kunne gjere våre eigne val – kanskje saman med gode nærpersonar.

Barn og unge med omfattande fysisk og psykisk funksjonshemming kan ha vanskar med å lære og forstå "vårt språk" med ord og teikn. Dei nære omsorgspersonane må då bygge opp eit samspråk der dei tek utgangspunkt i dei ytringsformene som barnet eller ungdommen bruker sjølv i ulike situasjonar. Utfordringa for dei nære vaksne er å "lese" kroppsspråket og stemmebruken til den funksjonshemma, og sjølv bruke enkle og tydelege uttrykk i kvardagssituasjonane. Slik kan ein saman bygge opp eit fellesspråk som er skreddarsydd og unikt for akkurat den som treng det.

Plikt til å legge til rette

Retten til å ytre og meine det ein vil, er nedfelt i artikkel 21 i FN-konvensjonen frå 2008 om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Fordi alle menneske har rett til å søke, ta imot og føre vidare opplysningar og tankar av alle slag, har samfunnet plikt til å legge til rette for at alle skal ha høve til det, uansett funksjonsnivå.

Konvensjonen slår fast at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne bruke ulike kommunikasjonsformer når dei har kontakt med det offentlege, og han oppmodar òg til å gjere internett og andre media tilgjengelege for dei. Dette vil styrke sjølvråderetten deira, noko som er svært viktig for menneske med utviklingshemming.

På denne måten møter samfunnet dei med respekt, og dei opplever at dei er betydingsfulle og likeverdige i fellesskapen med sine næraste familiemedlemmer og venner, med ulike tenesteytarar og pedagogar – og i det offentlege rommet.

Retten til utdanning

Artikkel 24 i FN-konvensjonen slår fast at personar med nedsett funksjonsevne har rett til utdanning i eit inkluderande utdanningssystem i lokalsamfunnet. Det skal blant anna leggast til rette for at dei får utvikle praktiske og sosiale ferdigheiter og lære ulike skriftformer i tillegg til alternative og supplerande kommunikasjonsformer. Det skal òg nyttast undervisningsmetodar og undervisningsmateriell som er tilpassa menneske med nedsett funksjonsevne.

For mange menneske med kommunikasjonsvanskar er det viktig at vi fokuserer på språklæring som ein rett. Det er òg nødvendig at dei utviklingshemma gjennom heile livet får halde ved like ordforrådet og skriftspråket, og at dei får utvikle språket gjennom å lære nye omgrep.

Fremme samspel og dialog

I Noreg har mange foreldre og fagpersonar erfaring med å utvikle og bruke alternative måtar å styrke samspelferdigheitene til dei utviklingshemma på. Det har vore store forskjellar mellom kommunane på kva tilbod barna har fått. I fleire tiår har foreldre og andre nærpersonar fått rettleiing og kurs. Målet har vore å fremme godt samspel og gode dialogar, slik at ein kan skape positive ringverknader.

Det har òg vore arbeidd mykje med kor viktig språk og kommunikasjon er i barnehagane og i eit inkluderande skulesystem. Menneske med ulik grad av utviklingshemming har fått bruke teiknspråk, teikn-til-tale eller berøring og rørsle i språkopplæringa. For somme er det lagt vekt på å bruke bilete og piktogram, talemaskinar eller blindeskrift. Overfor personar med dei største og mest samansette funksjonshemmingane kan vi bruke tolking av og respons på blikk, rørsle, pust og anna for å utvikle samspelet mellom dei og omgivnadene.

Lære å kommunisere

Nærpersonar og fagfolk må samarbeide for å finne den beste kommunikasjonsforma for den utviklingshemma. Det er viktig at alle i nettverket til den utviklingshemma får opplæring i den alternative og spesielle metoden ein har valt.

Innanfor Statped-systemet arbeider fleire kompetansesentra med ulike område. Stortinget har vedteke at dei som treng alternative kommunikasjonsformer, skal få tilbod om det i opplæringa. Det opnar for nye moglegheiter for mange med utviklingshemming og nærpersonane deira.

Kjelder

Konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne. (2006). Konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (13-12-2006). Lovdata. https://lovdata.no/traktat/2006-12-13-34

St.meld. nr. 23 (2007–2008). Språk bygger broer — Språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og voksne. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-23-2007-2008-/id512449/

Relatert innhald