Hopp til innhald

Fagstoff

Teikn-til-tale

Teikn-til-tale er ein kommunikasjonsmetode der vi i tillegg til tale nyttar teikn med hendene. Teikn-til-tale er eit supplement og ikkje eit alternativ til tale. Målet er å gi barn og unge eit alternativ som gjer at dei kan uttrykkje seg, samtidig som vi ønskjer å utvikle talespråket deira.
Ei lita jente klappar i hendene saman med ein vaksen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eg er meg

Når vi kommuniserer med kvarandre, fortel vi kvarandre kven vi er, kva vi tenkjer på, kva vi meiner om ei sak, kva kjensler vi har, eller kva som er viktig for oss. For oss menneske er det viktig å bli høyrt og forstått.

For nokre barn og unge er det vanskeleg å uttrykkje sine inste tankar og kjensler. Ordet kommunikasjon betyr "å dele" eller "gjere felles", og dersom nokon ikkje klarer å formidle det dei vil, treng dei å ta i bruk fleire uttrykksformer slik at kommunikasjonen blir mest mogleg total. Her kjem kroppsspråk, mimikk, gestar, berøring, blikk, skrift og teikn inn.

Kommunikasjonsmetode

Teikn-til-tale er ein kommunikasjonsmetode som skal vere til hjelp for barn og unge som av ulike grunnar ikkje har utvikla eit tydeleg talespråk. Det kan til dømes kome av at dei ikkje har kome så langt i utviklinga på grunn av medfødde eller erverva skadar.

Teikn-til-tale skal fremje og støtte kommunikasjon og språkutvikling. Talespråk og teiknspråk saman utgjer teikn-til-tale. Det betyr at vi kommuniserer med tale saman med kroppsspråk, mimikk og gestar, og vi nyttar teikn som gir meining til orda vi nyttar. Teikna blir henta frå teiknspråk.

Kven nyttar vi teikn-til-tale for?

Teikn-til-tale kan nyttast for alle barn uansett alder eller funksjonsnivå. Det er viktig å presisere at for nokre barn som har djupare utviklingshemmingar, finst det andre tilnærmingsmåtar og hjelpemiddel til bruk i samspel og kommunikasjonsutvikling. Det er ein føresetnad at barna kan delvis fange opp teikna og høyre talen.

Sjølv om teikn-til-tale har vore nytta ved forseinka språkutvikling, er det i Noreg i dag ikkje uvanleg at det òg blir nytta på barn med forventa utvikling. Mellom anna har babyteikn, som er ein variant av teikn-til-tale, vorte svært populært. Tanken er at det skal gjere det lettare for småbarn opp til rundt to år å kommunisere.

I enkelte barnehagar er det nedfelt i årsplanen at dei skal nytte teikn-til-tale som hjelp i kommunikasjon og som reiskap for å stimulere språkutvikling.

Å nytte teikn-til-tale eit flott hjelpemiddel òg for barn som har eit anna morsmål og skal lære seg norsk.

I tillegg viser det seg at barn startar tidlegare med verbal kommunikasjonen når dei har nytta teikn-til-tale. På same måte som barn forstår fleire ord enn dei kan seie, kan barn òg forstå teikn før dei kan nytte dei.

Utfordringar til deg

  1. Kva krev bruken av teikn-til-tale av deg som barne- og ungdomsarbeidar?

  2. Kvifor er det viktig at alle barn får uttrykkje seg?

  3. Kva for nokre naturlege teikn og gestar kan du?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2023

Læringsressursar

Ulike kommunikasjonsferdigheiter