Medverknad og demokrati
Kva er demokrati?
Kvifor er demokratisk forståing viktig i arbeid med barn og unge?
Kva samanheng er det mellom medverknad, inkludering, tilhøyrsel og demokrati?
Korleis kan meiningane og tankane til barn vere med på å påverke kvardagen i barnehage, SFO og fritidsklubb?
Korleis kan du bli god på medverknad?
Les situasjonsskildringane og diskuter spørsmåla med éin eller fleire medelevar.
I barnehagen
Ingrid og Pernille er begge fire år. I dag leiker dei godt saman i dokkekroken. Når dei andre barna skal ut, spør dei om dei kan få lov til å vere inne og halde fram med å leike. Det får dei lov til.
Etter ei stund ser dei at dei andre barna som er ute, leiker med vatn og vassballongar, og dei får lyst til å vere med. Dei seier i frå til ein vaksen at dei vil gå ut no. Den vaksne seier: "Nei, de valde sjølve å vere inne, så no må de ta konsekvensane av vala dykkar."
Jentene blir frykteleg skuffa. Tårene trillar nedover kinnet til Pernille. Ingrid bøyer hovudet og kjenner skuld fordi det var ho som foreslo at dei skulle vere inne.
Kva meiner du om måten den vaksne handterer situasjonen på?
Kva haldningar til barn og medverknad meiner du den vaksne viser i denne situasjonen?
Korleis kan det å ombestemme seg vere ein del av medverknaden til barn?
Korleis ville du handla i denne situasjonen? Gi døme og grunngi svaret ditt.
Kva vil det seie at barn skal ha fridom frå ansvar?
Korleis vil du leggje til rette for medverknad i barnehage når barna er mellom eitt og to år, og når barna er mellom tre og fem år? Beskriv kva du vil gjere i dei ulike aldersgruppene. Ver konkret og gi døme, og grunngi kvifor du vil gjere det på denne måten.
SFO
Personalet på SFO har bestemt at dei vil arrangere internasjonal veke saman med barna. Dei er opptekne av medverknad i kvardagen og samlar barna i ulike grupper og spør om dei vil vere med å planleggje saman med dei. Nokre barn er veldig aktive, kjem med mange forslag og idéar. Dei vaksne oppdagar at det er nokre barn som er mindre deltakande. Barna er stille og uttrykkjer ingen ønskjer.
Kva kan du gjere for at stille og forsiktige barn kan oppleve seg inkluderte og får høve til å medverke i ei større gruppe? Forklar kva du vil gjere, gi døme og grunngi kvifor du vil gjere det på denne måten.
Kva vil du gjere for at alle barna på SFO skal få vere med å medverke i heile prosessen frå planlegging til gjennomføring, vurdering og dokumentasjon? Beskriv kva du vil gjere, og grunngi kvifor.
Fritidsklubben
På fritidsklubben opplever de at ungdommane ofte sit og pratar saman i ulike grupper. Det ser ut til at dei trivst og har det gøy saman. De har fått førespurnader frå fleire foreldre om at dei ønskjer at ungdommane skal vere meir fysisk aktive i fritida, og dei ønskjer at de organiserer og tilbyr fleire fysiske aktivitetar på fritidsklubben.
Kva vil du gjere for at både ungdommen og foreldra får oppleve at dei har brukarmedverknad i denne situasjonen? Gi døme og grunngi kvifor.
Korleis vil du leggje til rette for medverknad i arbeid med ungdom? Beskriv kva du vil gjere, gi konkrete døme og grunngi kvifor du vil gjere det slik.