Hopp til innhald

Fagstoff

Medverknad og medbestemming

Det er viktig å forstå kva medverknad og medbestemming inneber når du skal jobbe med barn og unge. Det betyr ikkje at vi skal overlate ansvaret til barna og at dei kan bestemme sjølv, men at vi i samspel med barna skal lytte til og respektere barnet og innspela til barnet.
To vaksne og to barn på eit barnerom. Ein gut sit på fanget til ein mann, dei les i ei bok. Ei kvinne hjelper ein gut med å rydde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medbestemming

Medbestemming går ut på at barn og unge skal få vere med på bestemme i saker som gjeld dei sjølve, saman med andre. Det kan til dømes vere kvar dei skal leike, kven dei skal leike med, og kva dei skal leike. Det kan vere at dei saman med dei andre barna er med og bestemmer korleis noko i barnehage/SFO skal gjennomførast, til dømes ulike aktivitetar og kvardagsrutinar. Det handlar om at dei får ytre seg og blir høyrde, og at dei får vere med og bestemme kva som skal skje, og korleis det skal gjerast.

Sjølvbestemming

Sjølvbestemming (autonomi) handlar om å ta eigne val og bestemme over seg sjølv. Dette er ein del av medbestemming, fordi barna får velje sjølv og ta eigne avgjerder i noko som gjeld dei. Det er dine eigne verdiar og interesser som styrer handlingane dine. Sjølvbestemming er ein individuell prosess og oppleving som har betyding for trivselen og motivasjon i kvardagen for kvar enkelt. Det handlar til dømes om kva klede eller leiker barnet helst vil nytte, eller kva det helst vil ete, og å få bestemme sjølv korleis ei oppgåve eller ein aktivitet skal utførast.

For at barn skal oppleve medbestemming og sjølvbestemming, må vi vaksne lytte til barna, sjå dei og anerkjenne at deira tankar, meiningar og løysingar er like verdifulle som våre eigne.

Medverknad

Medverknad handlar om at barn har rett til å delta i fellesskapen. Barn skal få moglegheit til å ytre seg og bli oppmoda til å uttrykkje eigne ønske, idéar og kjensler. Dei skal erfare at dei blir lytta til, og at vi vaksne tek tankane og meiningane deira på alvor. Barna skal erfare at det dei kommuniserer, får innverknad på det livet dei lever. Medbestemming og sjølvbestemming er ein del av medverknad.

Medverknad er viktig for at barn og unge skal kjenne seg verdsette, at dei betyr noko, og at meiningane og oppfatningane deira om seg sjølve og sitt liv er verd å høyre på for andre. Vi skal høyre på barn og unge. Når vi gjer det, viser vi respekt for dei, og vi viser dei at dei er viktige og betyr noko i fellesskapen.

Medverknad gir barn moglegheit til å verke som individ, ytre seg og kome med eigne bidrag i det miljøet dei er i. Når barna får erfare at dei er ein del av ein fellesskap der stemma deira er viktig, lærer dei òg at det er mange stemmer som utgjer fellesskapen, til dømes i barnehagen eller SFO. Samtidig som medverknad lærer barn stå fram og kome med sine eigne meiningar, lærer det dei òg at dei må tilpasse seg til fellesskapen dei er ein del av.

Barn er ulike og uttrykkjer seg på ulike måtar. Det er viktig at vi vaksne på ein omsorgsfull måte ser, lyttar, tolkar og prøver å forstå kva barnet uttrykkjer. Vi må leggje merke til både det dei kommuniserer verbalt, og det dei uttrykkjer gjennom kroppsspråket. Vi må kjenne barna godt, og vi må bry oss om barnet og meiningane til barnet. Vi bør la barn og unge få medverke, og det gjer vi ved å involvere dei i det som skjer. Då får dei oppleve at dei har innverknad over sin eigen kvardag.

To vaksne har samla barna rundt eit bord. Barna målar og teikner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ansvaret til vaksne

Det er dei vaksne sitt ansvar å leggje til rette for medverknad og sørgje for at barn og unge får delta og blir høyrde. Det er ikkje ein spesiell metode som bidreg til medverknad, men ei haldning og veremåte hos dei vaksne. Ei slik haldning bidreg til at barn erfarer at dei har medverknad. Vi må hugse at barnet sjølv er eksperten på sitt liv. Barn må få oppleve at det dei seier, har verdi, og at dei vaksne må tenkje annleis fordi barnet har tilført dei vaksne nye tankar.

Vi må altså ta barna på alvor og vise respekt for tankane, kjenslene og løysingane deira. Det handlar om å sjå kva barna har behov for, og kva dei uttrykkjer. Det er i samspelet med barna vi gir dei rom til å medverke, ha medbestemming og oppleve at dei er ein del av fellesskapen.

Medverknad i planlegging og gjennomføring

Vi må leggje til rette for det barna er interesserte i, kva dei liker, og kva som betyr noko for dei. For å finne ut kva barn er opptekne av, må vi vere saman med dei og observere dei i leik og aktivitetar. Ut frå det vi observerer, kan vi så laga planar. Dermed vil uttrykka og interessene til barna bli utgangspunkt for planlegginga. På denne måten kan barn medverke i planleggingsprosessane.

I gjennomføringa av kvardagslege aktivitetar er det viktig at vi ikkje kontrollerer aktivitetane og utan vidare gjennomfører dei slik vi har tenkt, men at vi gir rom for innspela frå barna undervegs. På den måten skaper vi rom for at synspunkta til barna kan verke inn på dei daglege aktivitetane undervegs i prosessen, og vi kan endre det vi gjer, ut frå innspela frå barna.

Å opne for perspektiva til barna kan bidra til å styrkje deltakinga til barn og unge i kvardagslivet. Vi må vise velvilje og interesse for innspela til barna og byggje vidare på initiativet deira. Når vi støttar og anerkjenner vala barnet gjer, opplever barnet at det har ei aktiv rolle i fellesskapen.

Barn har rett til fridom frå ansvar

Medverknad handlar om at barn skal vere ein aktør i eige liv og ta val, og ikkje vere "ei brikke" som andre flyttar på. Samtidig skal vi hugse på at ein grunnleggjande rett barn har, er å ha fridom frå ansvar. Barn har rett til medverknad, men det betyr ikkje at dei har plikt til å medverke. Det er vi vaksne som har ansvaret. Vi må vurdere om ansvaret for å ta val og medverke blir for stort, og i så fall hjelpe barn i desse situasjonane.

Vi må sjå an situasjonen og barnet. Vi må vurdere om barnet opplever meistring, og at ikkje ansvaret for medverknad og medbestemming blir for stort og fører til at barnet opplever at det mislykkast. Vi må delta saman med barna med ei spørjande og audmjuk haldning. Vi må forstå at barn og unge sjølve kan ta ansvar, samtidig som dei treng omsorg og fridom frå å ta val før dei er modne til det.

Vi må vere kloke vaksne som kan ta reflekterte val med tanke på medverknaden til barn, slik at medverknaden blir gode erfaringar for barn og unge og gir dei auka sjølvbilete og sjølvtillit.

Utfordringar til deg

  1. Kva er medbestemming?

  2. Kva er sjølvbestemming?

  3. Kva er medverknad?

  4. Kva haldningar og veremåtar meiner du er viktige for at barn og unge skal oppleve at dei får medverke?

  5. Vi skal leggje vekt på synspunkta til barn i samsvar med alderen og modenheita til barnet. Kva utfordringar kan det skape i arbeidet med dei yngste barna?

Kjelde

Kristiansen, T. (2019). Medvirkning i barnehagen. I M. H. Frønes & V. Glaser. (Red.). Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 49–61). Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2021

Læringsressursar

Brukarmedverknad og medbestemming