Hopp til innhald
Oppgåve

Brukarmedverknad

Kva er brukarmedverknad? Korleis kan vi leggje til rette for brukarmedverknad i barnehage og skule? Under finn du ein film om brukarmedverknad. Sjå filmen og svar deretter på spørsmåla.
Brukarmedverknad. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

  1. Kva er brukarmedverknad?

  2. Kva døme på brukarmedverknad ser du i denne filmen?

  3. Kva bidreg brukarmedverknad til for barn og unge?

  4. Kva er skilnaden på brukarmedverknad og det å bestemme?

  5. Kva seier lovverket om brukarmedverknad i barnehage og skule/SFO?

  6. Korleis opplever du brukarmedverknaden på skulen din? Gi døme på elevmedverknad.

  7. Korleis kan brukarmedverknad bidra til å utvikle demokratisk forståing?

  8. Korleis kan de leggje til rette for brukarmedverknad i barnehage, skule/SFO, klubb og barnebustad? Forklar og gi døme.

  9. Intervju lærarane dine og rektor om korleis skulen legg til rette for brukarmedverknad.

Relatert innhald

Fagstoff
Brukarmedverknad

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.