Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis ta vare på medverknad og medbestemming?

Medverknad byggjer på grunntanken om at alle menneske er like verdifulle. Vi treng kunnskap om kva medverknad er, for å kunne leggje til rette for og ta vare på medverknad og medbestemming i det praktiske arbeidet kvar dag.
Ein stor sirkel med pilar til fire mindre sirklar. Frå den ene sirkelen er det pilar vidare til to mindre sirklar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Tankekart

Lag eit tankekart om brukarmedverknad og medbestemming.

Skriv først ned det du tenkjer på og forbind med brukarmedverknad og medbestemming, utan at du nyttar hjelpemiddel.

Bruk deretter hjelpemiddel og fyll inn i tankekartet ditt. Bruk då gjerne ein annan farge på teksten, så ser du kva du kunne frå før.

Del tankekartet med ei gruppe medelevar, og diskuter i gruppa:

  • Kva legg de i omgrepet medverknad?

  • Brukarmedverknad er ikkje berre eit omgrep vi skal forstå. Det er ei haldning og ein veremåte vi må arbeide ut ifrå. Beskriv kva verdiar og haldningar hos oss vaksne som er viktige for at vi skal ta vare på medverknaden til barn og unge i kvardagen.

  • Korleis bør vi kommunisere og samhandle med barn og unge for å ta vare på medverknad og medbestemming?

  • Korleis planleggje og gjennomføre aktivitetar for å ta vare på medverknaden til barn og unge?

  • Korleis ta vare på medverknaden til barn i leik?

  • Korleis ta vare på medverknaden til foreldre?

  • Kva opplever barn og unge at de gjer når de er medvitne på å ta vare på medverknad og medbestemming?

  • Kva vil det seie at barn skal ha fridom frå ansvar?

  • Medverknad betyr ikkje at eit enkelt barn skal bestemme og heller ikkje at barn skal bestemme sjølv. Det er ansvaret til dei vaksne å vurdere situasjonane og ta reflekterte og kloke val. Korleis vil de ta vare på medverknaden til barn når de ikkje kan innfri ønska deira?

Hald fram med å fylle inn i tankekartet ditt viss du har fått ny kunnskap og tankar om medverknad og medbestemming etter diskusjonen med medelevane dine.

Oppgåve 2. Fysisk aktivitet og medverknad

Jobb saman i ei gruppe.

Planlegg, gjennomfør, vurder og dokumenter fysisk aktivitet med barn eller unge, der de har fokus på medverknaden til barn i heile prosessen.

Aktiviteten skal vare mellom 15 og 20 minutt. De vel sjølve om de vil gjennomføre han ute eller inne.

Gjennomfør aktiviteten med barn eller saman med dei andre klassen.

Refleksjonsnotat

Etter gjennomføring av aktiviteten skriv du eit kort notat om dine eigne erfaringar. Knyt dette saman med det du kan om medverknad og medbestemming.

  • Korleis opplevde du samarbeidet i gruppa?

  • Kva erfaringar fekk du med tanke på medverknad og medbestemming i fysiske aktivitet?

  • Kva vil medverknad og medbestemming ha å seie for barn i ulike aktivitetar?

  • Korleis kan veremåten din påverke medverknaden og medbestemminga til barn?

Oppgåve 3. Samlingsstund og medverknad

Planlegg og gjennomfør ei samlingsstund der hovudfokuset skal liggje på medverknaden til barn. Du skal gjennomføre denne samlingsstunda for ei gruppe medelevar som speler barn. Samlingsstunda skal vare mellom 10 og 15 minutt. Du vel sjølv innhaldet i samlingsstunda.

Her skal de leggje vekt på at du:

  • er godt førebudd

  • har ein plan og veit kva du vil gjere

  • kan songane, eventyra, reglene, rima du nyttar

  • skaper eitt eller fleire spenningsmoment

  • legg til rette for medverknad og medbestemming

  • får alle til å føle at dei er ein del av fellesskapen, blir sette og får respons, og at alle får moglegheit til å uttrykkje seg

  • stiller opne spørsmål og gir barna tid til å tenkje og svare

  • viser engasjement og kommuniserer på ein måte som bidreg til motivasjon

Etter samlingsstunda kan du be om tilbakemelding frå medelevane dine, "barna".

  • Korleis opplevde dei engasjementet ditt?

  • Opplevde dei å bli høyrde og lytta til?

  • Opplevde dei å vere ein del av fellesskapen?

  • Opplevde dei seg varetekne, at dei vart sett og lytta til?

  • Har dei nokre tips eller forslag til nye løysingar?

  • Har dei andre kommentarar?

Refleksjonsnotat

Skriv eit kort notat om korleis du syntest det var å førebu og gjennomføre ei samlingsstund med fokus på medverknad. Kva har du lært, og kva erfaringar fekk du med tanke på å leggje til rette for medverknad og medbestemming i ei samlingsstund?

Ein liten gut strekkjer seg for å få tak i ein sydvest som heng på eit tre. Tre andre barn står i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4. Situasjonsskildringar

Lage sol

En gruppe på tre barn sitter rundt et bord og skal lage en sol som skal henges opp på avdelingen. Til det bruker de gule papptallerkener og piperensere som skal settes fast som solstråler. Den voksne lager hull til piperenserne med en maskin, og barna skal sette dem fast.

Sandra på fire år har satt piperenserne slik at de stikker ut på begge sider av hullene. Da den ansatte ser dette, tar hun solen ut av hånden på Sandra og sier: "De skal ikke sitte slik. Det er meningen at de skal ligne solstråler", hvorpå hun fester dem slik hun mener er riktig. Sandra sitter stille og ser på, med nedsunkne skuldre, inntil hun til slutt forlater bordet.

(Svinth i Jakobsen, 2016)

Her ser vi eit døme på at den vaksne ikkje ser perspektivet til barnet. Diskuter i grupper:

  • Kvifor er det viktig å sjå perspektivet til barnet med tanke på medverknad og medbestemming?

  • Drøft korleis de sjølve ville ha handla i denne situasjonen for å ta vare på medverknaden og medbestemminga til barn.

Måltidet

Avdelingens tolv barn på mellom tre og fem år skal spise. Barna har fått beskjed om å sitte med hendene på lårene og være stille, mens de voksne gjør maten klar og får de siste barna til bordet. Enkelte barn småsnakker lavt med sidemannen, men de fleste sitter stille. De voksne hysjer på barna flere ganger og minner dem om at de må sitte med hendene i ro. Åtte minutter har gått, og stemningen er anspent og tynget av de voksnes kontroll og irettesettelser. Formaningene som "Vær stille nå", "Vi skal hvile ørene, mens vi dekker bordet" blir hyppigere. Så begynner en av guttene å hoste svakt. Etter et par sekunder begynner et annet barn å hoste ganske lett. Hosten brer seg nå som en svak, men brusende energi rundt bordet mens barna følger hverandre årvåkent. Hosten opphører da en av de voksne sier med et ironisk tonefall: "Så deilig det skal bli når dere har spist og skal ut og leke. Så kan dere løpe mye rundt og bli svært trøtte til dere kommer inn igjen".

( Svinth i Jakobsen, 2016)

Diskuter i grupper:

  • Kva har det å seie at vaksne forstår at dei er ein del av relasjonen i samspelet med barna?

  • Kvifor er det naudsynt at dei vaksne vurderer og reflekterer over kva reglar og stemningar som kan gi eit godt samspel mellom dei og barna under måltidet og i andre situasjonar?

  • Kva ville de gjort i denne situasjonane for å ta vare på perspektivet og medverknaden til barn?

Kjelde

Jakobsen, S. B. (2016). Ikke alle barn har medbestemmelse i barnehagen. Vetuva. http://vetuva.udir.no/index.php/artikler-2016/ikke-alle-barn-har-medbestemmelse-i-barnehagen/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Brukarmedverknad og medbestemming