Hopp til innhald
Oppgåve

Barns oppvekst som ressurs

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du nyttiggjere deg det mangfaldet vi har blant barn og unge i barnehage, skule/SFO og ungdomsklubb. Ingen barn er like, og ulikskapane i barnegruppa er ein verdifull ressurs som vi kan bruke i det praktisk-pedagogiske arbeidet.

Barns oppvekst som ressurs

Det er mange pedagogiske grunnar til at de skal bruke oppveksten til barn og unge som ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet. I denne oppgåva skal de setje dykk inn i ulike tema og reflektere over korleis barns oppvekst kan vere ein ressurs i arbeidet.

Gå saman to og to. Vel eit eller fleire tema, og jobb med oppgåvene. Legg fram svara på spørsmåla i klassen.

Tema

Brukarmedverknad

Barn og unge skal ha medverknad i kvardagen sin. Dei skal få høve til å uttrykke eigne ønske, idéar og kjensler. Dei skal erfare at dei blir lytta til, og at vi vaksne tek tankane og meiningane deira på alvor. Vi må derfor legge til rette for det barnet er interessert i, det barnet liker, og det som betyr noko for det. Når vi gjer det, bruker vi barns oppvekst i det praktisk-pedagogiske arbeidet.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva seier lovverket om medverknaden til barn og unge?

  2. Korleis kan de finne ut av kva barn og unge liker å gjere?

  3. Kva tenker de at barn og unge kan vere med på å bestemme i barnehage, skule/SFO eller klubb?

  4. Korleis kan barns medverknad vere ein ressurs i arbeidet med barn og unge? Forklar og gi døme.

Mangfald av kulturar

Kulturkompetanse handlar om at du har kunnskap om kva din eigen kultur representerer, tileignar deg kunnskap om andre kulturar og viser respekt og toleranse for alle kulturar. I ei barnegruppe vil det alltid vere eit mangfald av kulturar som kvart enkelt barn representerer.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Utdjup omgrepet "kulturkompetanse".

  2. Korleis kan de støtte utviklinga av kulturkompetanse hos barn og unge ?

  3. Kva tema kan de jobbe med for å fremme kulturkompetanse?

  4. Korleis kan de bruke mangfaldet av kulturar i ei barnegruppe som ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Observasjon

Observasjon betyr å sjå, halde auge med eller undersøke noko. I alt arbeid med barn og unge observerer vi for å kunne legge forholda best mogleg til rette for trivsel og allsidig utvikling.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Utdjup kva som ligg i observasjon av enkelte barn og barnegrupper.

  2. Kva observasjonsmetodar tenker de er eigna for å kartlegge kva ressursar det er i barnegruppa, i personalgruppa og i nærmiljøet?

  3. Korleis kan de bruke observasjon til å fremme oppveksten til barn i praktisk-pedagogisk arbeid?

  4. Tenk dykk at de skal innreie eit leikerom anten i barnehage eller SFO. Korleis kan de, ved hjelp av observasjon, bruke barns oppvekst som ein ressurs for innreiing av leikerommet?

Måltid og matlaging

Som barne- og ungdomsarbeidarar skal de sørge for at barn og unge får næringsrik og trygg mat. Det er gøy å lære å lage nye rettar og å lære barn å smake på nye ting. Vi finn ulike typar bær og sopp i skogen. Nokon har kanskje eigen grønsakshage. Vi har ulike typar tradisjonar når det gjeld mat, og nokre er spesielle for staden vi kjem frå.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva tilrådingar frå nasjonale helsestyresmakter må de ta omsyn til når de planlegg matlaging og lagar mat i pedagogiske institusjonar?

  2. Korleis kan de bruke erfaringane og kunnskapane til barn og unge som ein ressurs i samband med matlaging og måltid? Tenk òg på kven de kan samarbeide med.

  3. Korleis kan de bruke lokal mat og matlaging som ein pedagogisk ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Eigne interesser

De som barne- og ungdomsarbeidarar er òg ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet. Den kunnskapen de har, er verdifull, og de må bruke han i arbeidet med barn og unge.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva betydning har de som rollemodellar i arbeidet med barn og unge?

  2. Korleis kan de bruke dykk sjølve i arbeid med barn og unge?

  3. Lag ei liste over kva de er gode på, og kva kunnskapar de kan bruke i det praktisk-pedagogiske arbeidet.

  4. Bruk lista frå oppgåve 3 og forklar korleis og kvifor de kan vere ein ressurs i det praktisk-pedagogisk arbeidet.

Humor og glede

For barn og unge som veks opp i dag, er det mykje som er alvorleg og som kan skape ein redsel for framtida. Å kunne tulle og tøyse skaper god stemning, noko som igjen skaper glede. Å bruke humor i kvardagen med barn og unge skaper smil og latter, og dette er verdifullt og har mykje å seie for trivselen.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Utdjup kva betydning humor og glede har for oss menneske.

  2. Korleis kan de bruke humor og glede i arbeidet med barn og unge?

  3. Lag ei liste med idéar til aktivitetar som skaper latter og glede.

  4. Korleis kan de bruke humoren til barn som ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Tryggleik

Som barne- og ungdomsarbeidarar skal de sørge for at barn og unge opplever tryggleik i barnehage, skule/SFO, bustad og klubb. Kvar av dykk har eit stort ansvar for at samspelet mellom dykk og barna og mellom barna seg imellom er prega av tryggleik. Vi treng alle eit trygt miljø for å utvikle oss. I tillegg er det nokre barn og unge som har opplevd ein utrygg barndom, noko som gjer dei ekstra sensitive for nye situasjonar, endring av rutinar, overgangar og overraskingar.

  1. Kva er tryggleik?

  2. Korleis kan de vise at de er opptekne av tryggleik?

  3. Kvifor er det viktig at barn og unge opplever tryggleik?

  4. Forklar kvifor tryggleik i det fysiske og psykiske miljøet kan vere ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet.

  5. Kva vil de ha fokus på viss de skal planlegge for å skape tryggleik for barn?

Meistring

I alle barnegrupper er det barn som kan noko spesielt om eit tema. Det kan vere eit barn som er ekspert på dinosaurar, kan teikn-til-tale eller ein som kan danse ballett. Når vi bruker desse ressursane som barna har, i det pedagogiske arbeidet, gir vi barna ei stor meistringskjensle. Dette bygger opp både sjølvtillit og sjølvkjensle.

  1. Kva gjer det med barn og unge å kjenne meistring?

  2. Korleis kan de fremme meistringsgleda hos barn og unge?

  3. Kva har meistringsglede å seie for motivasjon?

  4. Diskuter korleis de kan bruke ressursane til barn og unge i det daglege arbeidet.

Digital kvardag

Digitale medium har meir å seie og tek større plass i kvardagen til barna og unge i dag enn før. Når de jobbar med barn og unge, skal de legge til rette for utvikling av digital dømmekraft. Då må de ha kunnskap om ulike digitale verktøy som barn og unge bruker, og de må vite korleis de kan rettleie dei til å gjere gode val og vise digital dømmekraft.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva er digital dømmekraft?

  2. Korleis kan de rettleie barn og unge i den digitale kvardagen deira?

  3. Lag ei liste over kva for nokre digitale verktøy barn og unge kan møte i kvardagen.

  4. Korleis kan de bruke kunnskapane, ferdigheitene og haldningane til barna og unge til ulike digitale verktøy som ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Førstehjelp

Som barne- og ungdomsarbeidarar skal de ha kunnskap om grunnleggande førstehjelp. De må vite kva førstehjelp er, og korleis de skal utføre det. Til dette arbeidet kan det vere fint å ta i bruk ressursar som allereie finst i oppvekstmiljøet til barna.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva er grunnleggande førstehjelp?

  2. Korleis utfører vi grunnleggande førstehjelp?

  3. Lag ei liste over kven i nærmiljøet til barnegruppa deira som kan hjelpe til med informasjon og hjelp om grunnleggande førstehjelp.

  4. Korleis kan de bruke kunnskapane og ferdigheitene til barn og unge innan førstehjelp som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Miljømedvit

Både i rammeplanen for barnehagen, rammeplanen for SFO og i opplæringslova står det at vi skal fremme miljømedvit hos barn og unge. Ved hjelp frå de vaksne skal barn og unge lære å sjå og oppdage samanhengar i naturen, utvikle naturglede og handle etisk og miljømedvitent. Barn har svært ulik oppvekst. Eit barn som veks opp i eit jordbruksdistrikt, kan ha eit anna forhold til miljømedvit enn eit barn som veks opp i ein storby.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva er miljømedvit?

  2. Korleis kan vi fremme miljømedvit hos barn og unge?

  3. Lag ei liste over miljøverntema som kan vere aktuelle å jobbe med i barnegruppa dykkar.

  4. Korleis kan de bruke kunnskapane og erfaringane barn og unge har med natur og miljøvern, som ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet? Gi konkrete døme.

Leik

Å leike er morosamt, spennande og utfordrande. Det er derfor barna leiker. Det å ha det morosamt og oppleve glede i kvardagen gjer at vi har det godt, og det bidreg positivt for den psykiske helsa. Derfor er leik viktig i kvardagen for barn. Når barn leiker, bestemmer dei sjølve, og dei finn sine eigne kreative og personlege uttrykk. I oppveksten til barn er det mange mogelegheiter til å fremme eigenverdien til leiken.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva er leik?

  2. Korleis kan vi fremme leik hos barn og unge?

  3. Lag ei liste over kva område i oppvekstmiljøet til barnegruppa dykkar som de kan utnytte for å fremme eigenverdien til leiken.

  4. Korleis kan de bruke oppveksten til barn som inspirasjon til leik?

Arbeidslivet

Oppveksten til barn og unge er ulik frå då de vaks opp. Det er viktig å bli kjend med ulike yrkesgrupper som er representerte i nærmiljøet. Tenk så gøy det er for eit barn om far eller mor, tante eller onkel kan komme og fortelje om arbeidsplassen sin.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Korleis kan yrka til foreldra ha innverknad på identiteten til barn?

  2. Korleis blir identiteten danna hos barn og unge?

  3. Lag ei liste over ulike yrkesgrupper som det kan vere aktuelt å la barn og unge få innblikk i, frå nærmiljøet deira.

  4. Korleis kan de bruke yrka til foreldra som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Tradisjonar og skikkar

Tradisjonar og skikkar blir overførte frå generasjon til generasjon. Det er ein del av sosialiseringa. Sosialisering handlar om kva vi blir påverka av gjennom livet, og korleis vi blir påverka, i tillegg til korleis dette formar oss som individ.

Vel ei aldersgruppe de vil ha fokus på.

  1. Kva betyr sosialisering?

  2. Kva faktorar i oppveksten til barn og unge er med på å påverke sosialiseringa deira?

  3. Lag ei liste over tradisjonar og skikkar som de har vakse opp med.

  4. Korleis kan de ta i bruk ulike tradisjonar i det praktisk-pedagogiske arbeidet? Forklar og gi døme.

Oppvekst som ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet

  1. Kvifor er det viktig å bruke ressursane barn har, i arbeidet vårt?

  2. Kva for nokre andre tema tenker de eignar seg som ein ressurs når vi skal trekke inn oppveksten til barn og unge i det praktisk-pedagogiske arbeidet?

  3. Kva tenker de vi må vere varsame med, kva må vi vere merksame på, og kva må vi unngå å gjere når vi skal bruke oppveksten til barn og unge som ressurs i praktisk-pedagogisk arbeid?

  4. De skal lage eit praktisk-pedagogisk arbeid og gjennomføre det saman med medelevar i klassen. Tenk på noko de meistrar godt. Det kan vere song, dans, fotball, spikke, tenne bål, strikke og liknande. Planlegg og gjennomfør aktiviteten med klassen.

  5. Reflekter saman:

    1. Korleis opplevde de at gjennomføringa gjekk?

    2. Kva hadde dette å seier for sjølvtilliten dykkar?

    3. Kva hadde dette å seie for sjølvkjensla dykkar?

    4. Var det noko de opplevde som krevjande? Kvifor?

    5. Kva gjekk lett? Kvifor?

    6. Kva har det å seie for barn og unge å få lov til å vise kva dei meistrar eller er stolt over?