Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei digital forteljing

Når vi lagar vår eigne digitale forteljingar, får vi erfaring som skaparar av eit produkt. Det gir oss kunnskapar og erfaringar på ein annan måte enn når vi er tilskodarar til andre sine forteljingar.
Tre barn sit inntil ein vegg og ser på eit nettbrett saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei digital forteljing er ein kort film der vi ser bilete og eventuell tekst, og i tillegg høyrer vi stemme og musikk. I barnehagar og skular/SFO lagar barna sjølve slike digitale forteljingar. Viss du ikkje kjenner til dette frå før, kan du finne meir informasjon på internett. I tillegg kan du kanskje bli inspirert av filmen som Eidesåsen barnehage laga i 2016 (lenkje ligg i relatert innhald på denne sida).

Oppgåve

  1. Lag ei digital forteljing. Av utstyr treng du eit nettbrett med programvare for å lage digital forteljing/film.

    1. Finn ut kva den digitale forteljinga di skal handle om.

    2. Kven skal du lage filmen for? Målgruppe.

    3. Kva musikk, bilete, tekstar og innlesen tekst vil du nytte?

    4. Planlegg innhaldet i forteljinga. Lag gjerne ei skisse av dei ulike sekvensane.

    5. Start med å ta bilete av det du vil ha med i filmen, og legg bileta inn i riktig rekkjefølgje i programmet.

    6. Deretter vel du musikk og tekst.

    7. Lag produktet ferdig, og vis det til klassen din.

  2. Korleis kan du få med barn og unge på å lage digitale forteljingar? Beskriv korleis du vil gå fram, og forklar kvifor du vil gjere det på denne måten.

  3. Å lage si eiga digitale forteljing kan vere eit fint utgangspunkt for å snakke om personvern og digital dømmekraft. Finn ut korleis du kan jobbe med personvern i ei barnegruppe etter å ha laga ei digital forteljing saman med dei.

  4. Kva utviklingsområde blir stimulerte og utvikla hos barn og unge når dei får vere med på å lage digitale forteljingar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Digital kvardag