Hopp til innhald

Fagstoff

Når teknologien invaderer livet vårt

Mediebruken blant barn og unge aukar stadig. Filmen Når teknologien invaderer livet vårt handlar om barn og ungdom som har dataspel som aktivitet på fritida, og kva konsekvensar det kan få.
To gutar sit ved eit bord. Ein held på med mobil, den andre med nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du ser filmen

  1. Lag ei oversikt over kva du bruker tida di på i løpet av ei veke. Det kan vere familie, skule, arbeid, søvn, eting, trening, sosiale medium, vere fysisk saman med vener, dataspel med eller utan vener, lekser, sjå film eller TV-seriar og så vidare. Set det gjerne inn i skjemaet "Veka mi".

    1. Var det noko som overraska deg med kva du bruker tida di til?

    2. Kva skulle du ønskje at du brukte mindre tid på?

    3. Kva skulle du ønskje at du brukte meir tid på?

Veka mi
VEKA MI

Tid

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Laurdag

Søndag

01.00

02.00

03.00

04.00

05.00

06.00

07.00

08.00

09.00

10.00

11.00

12.00

13.00

14.00

15.00

16.00

17.00

18.00

19.00

20.00

21.00

22.00

23.00

24.00

Film: Når teknologien invaderer livet vårt

Oppgåver til filmen

  1. Kva utfordringar tenkjer du digitale medium gir barn og unge?

  2. Korleis kan du rettleie barn og unge til å takle desse utfordringane?

  3. Mange kjende filosofar, mellom anna Buber, Bakthin og Lévinas, meinte at vi menneske blir til i fysiske møte med den andre. Kva tenkjer du om at vi menneske møtest via nettet?

  4. Korleis blir identiteten til barn og unge påverka av digitale medium? Tenk til dømes på dataspel, bloggar, seriar, sosiale medium.

  5. Kva moglegheiter gir digitale medium for barn og unge?

Etterarbeid

  1. Kva for nokre digitale verktøy kjenner du til som blir nytta av barn i barnehagen, barneskulen og ungdommar?

  2. Barn og unge treng tilpassa grenser for bruk av digitale verktøy. Kva grenser skal vi setje for barn og unge? Fortel kvifor.

  3. Å reflekterer over vaksenrolla di i møte med barn og unge er viktig i alt arbeid som barne- og ungdomsarbeidar. Korleis kan du vere ein klok vaksen når du samtaler med barn og unge om digitale medium? Grunngi.

  4. Kva konsekvensar kan det ha for barn og unge viss digitale medium pregar størsteparten av tida dei er vakne?

  5. Spelavhengnad er eit stort problem i eit folkehelseperspektiv. Finn ut kva problem som kan oppstå for

    • den enkelte

    • nære relasjonar

    • samfunnet

  6. Netthets og nettmobbing har dessverre vorte ei verkelegheit for mange barn og unge. Korleis vil du jobbe for å gjere barn og unge medvitne på kva dei legg ut på nettet?

  7. Når synest du at barn skal bli introduserte for ulike digitale verktøy som nettbrett, dataspel, filmar, sosiale medium og liknande? Noter argument for det du meiner.

  8. Dei fleste digitale plattformer har aldersgrenser. Finn ut kva aldersgrense det er på dei digitale media du nyttar. Finn argument for og imot aldersgrensa på dei ulike plattformene, og skriv dei ned.

  9. Legg argumenta frå oppgåve 7 og 8 i ein boks i klasserommet. Trekk ein og ein lapp. Les opp argumentet. La kvar enkelt få to til tre minutt på å finne argument for om dei er einige eller ueinige.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Digital kvardag