Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er digital dømmekraft?

Digital dømmekraft handlar om å ta reflekterte og kloke val når du nyttar ulike digitale verktøy og er på internett. God digital dømmekraft er viktig for oss sjølve og i omgang med andre på internett.
Lita jente og gut sit saman og ser på eit nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitale medium har naturleg nok meir å seie og ein større plass i kvardagen til barn og unge i dag enn tidlegare. Når du skal jobbe med barn og unge, skal du leggje til rette for utvikling av digital dømmekraft. Då må du sjølv vite kva digital dømmekraft er, og korleis du kan rettleie barn og unge i den digitale kvardagen deira.

Kva er digital dømmekraft?

Dømmekraft handlar om at vi reflekterer, vurderer, tek avgjerder og handlar ut frå kunnskap og informasjon. Vi vurderer kva som er riktig eller best å gjere i ein situasjon. Digital dømmekraft handlar derfor om at vi gjer fornuftige og kloke val når vi nyttar digitale verktøy. Det betyr at vi må vurdere og reflektere kritisk med utgangspunkt i normer, verdiar, reglar og haldningar, om korleis vi opptrer på digitale medium.

Kva må du kunne?

For å kunne vise digital dømmekraft må du kjenne til nokre viktige omgrep og kva dei inneber. Nokre av desse viktige områda er plagiering, opphavsrett, kopiering/nedlasting av musikk, filmar og program, åtferd i diskusjonsgrupper og kommentarfelt, kjeldekritikk, personvern og digital mobbing. Du må vite kva som er etisk riktig åtferd på nett. Det handlar òg om å vurdere kva som er etisk riktig å gjere på internett med utgangspunkt i verdiar som vi set høgt, som mellom anna menneskeverd, solidaritet, nestekjærleik og demokrati.

  • Plagiering er dersom du heilt eller delvis kopierer noko ein annan person har skrive, og gir ut det for å vere ditt eige, samtidig som du ikkje oppgir kjelda i teksten din.

  • Opphavsrett handlar retten til sitt eige produkt. Når nokon til dømes har laga eit musikkstykke, teke eit bilete eller måla eit måleri, har dei opphavsrett til produktet sitt. Opphavsretten vernar det som personen sjølv har laga eller skapt. Du må gjerne bli inspirerte og skape noko nytt med utgangspunkt i det som eksisterer, men du kan ikkje seie at det originale verket er ditt. Det er òg ulovleg å kopiere musikk, filmar og program utan å betale for det.

  • Vi har ytringsfridom i Noreg, og det er ein viktig del av demokratiet. Men det er ulovleg å setje fram truslar, ærekrenkingar, hatefulle eller diskriminerande ytringar, å oppmode til straffbare handlingar og å krenkje privatlivet til andre.

  • Kjeldekritikk handlar om å vere nøye med kvar du hentar informasjonen frå, og å vere kritisk til det du les på nettet. Når du søkjer på nettet, kan det vere vanskeleg å finne korrekt og påliteleg informasjon. Du kan stille deg spørsmål som kven har skrive og lagt ut dette, om det finst kjeldetilvisingar, og om det verkar sannsynleg i lys av kunnskap du allereie har. I tillegg kan du finne ut om informasjonen er gammal eller ny ved å sjå når det vart publisert.

  • Personvern handlar å verne om privatlivet til kvart enkelt menneske. Det betyr at alt vi registrerer, behandlar og lagrar av personopplysingar om andre, må sikrast. Det gjeld òg bilete. Du kan ikkje dele eller publisere bilete av andre utan at dei har gitt deg lov, og for barn under 15 år må du ha løyve frå dei føresette. Frå barna er 13 år, må du i tillegg ha løyve frå barnet. Hovudregelen er at du alltid ber om samtykke når du vil dele eller publisere eit bilete, uansett alder. Barn vil tidleg ha ei oppfatning om seg sjølv og sitt, og vi bør derfor alltid spørje dei først.

  • Digital mobbing handlar om mobbing via digitale medium. Digital mobbing har mange fellestrekk med tradisjonell mobbing, bortsett frå at i mange tilfelle skjer mobbinga anonymt og bilete, filmar og tekstar blir spreidde til fleire og går ofte føre seg over lengre tid. Derfor er det vanskeleg å forsvare seg mot digital mobbing.

  • Barn og unge tek tidleg i bruk ulike sosiale nettstader. Når du er sosial på nett, er det viktig å sjekke aldersgrensene og kva innstillingar du kan setje på profilen din. Her kan du ofte bestemme kven du vil at skal ha tilgang til nettsida di, og kven som kan sjå det du legg ut. Hjelp barn og unge til å ta kloke val ved å lære med å ikkje dele brukarnamn og passord. I tillegg må vi vere klar over og snakke med barn og unge om at det ikkje alltid er ærlege menneske på nettet. Dei kan fort bli lurt.

Rettleie barn i å vise digital dømmekraft

For å hjelpe barn til å utvikle digital dømmekraft må vi saman med barna reflektere over kva moglegheiter og konsekvensar bruk av digitale verktøy og sosial medium har. Digital dømmekraft og det å tenkje kritisk er ferdigheiter som må øvast opp.

For å vere gode rettleiarar må vi setje oss inn i den digitale kvardagen til barna og skaffe oss kunnskap om dei moglegheitene og utfordringane barna møte på nettet og i dei digitale verktøya dei nyttar. Då kan vi vere med å reflektere og diskutere saman med barna, slik at dei sjølve kan vurdere og ta kloke og etisk gode val når dei nyttar digitale verktøy og internett.

Saman med barna må vi utforske teknologien og finne ut korleis han fungerer. Her kan vi reflektere over kva teknologien kan bidra til for oss i kvardagen og i samfunnet.

Gode rollemodellar

Vi må òg vere gode rollemodellar og sjølv vise digital dømmekraft i arbeidet vårt med barn og unge. Det handlar mellom anna om at vi spør barna før vi fotograferer eller filmar dei, og før vi eventuelt deler og publiserer. Og vi respekterer eit nei, utan å diskutere. På den måten kan barna få ei byrjande forståing av personvern, og dei opplever òg at vi respekterer ønska deira.

Å vere saman med barn når dei surfar på internett, sikrar at barna kan få positive erfaringar og samtidig blir kjent med dei moglegheitene internett kan gi oss. Då har du moglegheit til å snakke med barna om det dei ser, og om det å vere kritisk til kjeldene. Kjeldekritikk handlar mellom anna om å vere klar over at noko kan verke sant sjølv om det ikkje er det.

Etter kvart som barna blir eldre, må vi gi dei kunnskap om opphavsrett, at det er nokon som eig det vi finn på nettet, og at vi ikkje berre kan laste ned bilete, musikk og filmar utan løyve frå eigaren.

Å samtale med barn og unge om kva dei kan seie og gjere for at andre skal ha det bra, er naturleg. Dette må vi òg gjere i samband med bruk av sosiale medium på nettet. Vi kan ikkje seie og gjere negative ting mot andre sjølv om dei ikkje fysisk er til stades.

Utfordringar til deg

  1. Kva er digital dømmekraft?

  2. Kvifor treng vi å rettleie barn i å vise digital dømmekraft?

  3. Kva for nokre digitale utfordringar tenkjer du at barn som veks opp i dag, har?

Relatert innhald

Kjelder

Datatilsynet. (2020, 19. mars.) I beste mening: Om bilder av barn på nett. https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/skole-barn-unge/bilder-av-barn-pa-nett/

Dubestemmer.no. (u.å.). Du bestemmer – om personvern, nettvett og digital dømmekraft. https://www.dubestemmer.no/

Engen, B. K., Givær, T. H. & Mifsud, L. (red). (2017). Digital dømmekraft. Gyldendal akademiske.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021

Læringsressursar

Digital kvardag