Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle den digitale dømmekrafta di

I kvardagen møter barn og unge mange utfordringar knytte til korleis ein skal oppføre seg på nett. Personvern handlar å verne om privatlivet til kvart enkelt menneske. Har du tenkt over det?
Gutter tar selfie på skolen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Del 1

  1. Kvifor er personvern ein viktig rett?

  2. Kva ville du gjort dersom det vart lagt ut informasjon/bilete av deg på nettet, som du ikkje ønskte skulle liggje der?

  3. Kva gjer du når du får tilsendt filmar eller bilete av personar som gjer noko uklokt? Sendar du dei vidare, rapporterer du det, eller overser du det?

  4. Finn ut kva Grunnlova § 102 seier om retten til privatliv.

  5. Attgi kva artikkel 8 i menneskerettskonvensjonen seier om privatliv.

  6. Kvifor seier vi at personvern er viktig i eit demokratisk samfunn?

  7. Kva tenkjer du er fordelar og ulemper ved at vi blir kameraovervakte på offentlege stader?

  8. Mange foreldre kjøper mobilklokke slik at dei kan overvake kvar barna til kvar tid er. Nokre foreldre har til og med valt å ha ei GPS-brikke i sekken til barna sine (sjå relatert innhald).

    1. Kva tykkjer du om det? Grunngi svaret ditt.

    2. Når tenkjer du at det kan vere riktig, og når er det feil?

  9. Det har vore diskutert om barnehagar skal ha overvaking for å forhindre overgrep mot barn. Kva tenkjer du om det?

  10. Finn ut om skular har rett til å setje opp overvakingskamera.

Del 2

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du rettleie barn og unge i å vise digital dømmekraft. Ein del av rettleiinga er å forsikre seg om at barn og unge får ei digital danning.

  1. Finn ut kva som blir meint med digital danning.

  2. Korleis kan vi rettleie barn og unge når det gjeld det følgjande?

    • Kva som er gode kjelder.

    • Kva du kan dele om andre.

    • Kva som er lurt å dele om seg sjølv.

  3. Om 15–20 år skal dei som er barnehagebarn i dag, ut i arbeidslivet. Kva tenkjer du det er viktigast at dei kan om digital dømmekraft?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2021

Læringsressursar

Digital kvardag