Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Natursti med GPS

GPS er eit digitalt verktøy som du kan nytte til å finne vegen frå ein stad til ein annan. GPS er forkorting for Global Positioning System, og det består av eit nettverk av satellittar som sender ut signal. GPS kan berre nyttast utandørs, og det er morosam måte å finne postar på.
Postar med bilete og namn på forskjellige dinosaurar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

  1. Gå saman i grupper på to–tre elevar.

  2. Finn eller teikn eit kart over nærområdet anten til praksisplassen dykkar eller skulen de går på.

  3. Planlegg naturstien:

    1. Kva er tema for naturstien, og kva skal han innehalde? Til dømes bilete, spørsmål, QR-kodar eller liknande.

    2. Kven lagar de naturstien for?

    3. Kvar skal turen gå?

    4. Kor mange postar skal de ha?

  4. Lag postane og laminer dei.

  5. Plott postane inn på eit kart eller noter kvar ein finn dei, ved hjelp av namn på staden eller adressa.

  6. Heng ut postane.

  7. Finn ut kva app som passar til bruken dykkar. Google Maps er enkel og grei til denne bruken. Då må du ha noko å navigere ut i frå, til dømes namn på staden der posten heng, adressa eller kva bygning han heng ved.

  8. Dersom du ønskjer meir avansert GPS, er gratisappen Fotspor veldig fin. Følg instruksjonane du får via innlogging og opprett postar på kartert. Når du er klar for å gå naturstien, opnar du deling og deler koden til anten smarttelefon eller nettbrett. Der kan du sjå kvar posten ligg i forhold til kvar du er i terrenget, og du vil få beskjed om kvar du skal gå.

  9. Gå naturstien saman i gruppa før de eventuelt inviterer nokre barn eller unge til å prøve han ut.

QR-kode. Svart og kvitt mønster som kan skannast av kamera på mobiltelefon og innehalde ulike typer data. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
QR-kode. Svart og kvitt mønster som kan skannast av kamera på mobiltelefon og innehalde ulike typar data. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Digital kvardag