Hopp til innhald

Fagstoff

Mjølk og mjølkeprodukt

Mjølk og mjølkeprodukt er ein viktig del av kosthaldet for dei fleste i Noreg. Mange av dei gamle norske matrettene har mjølk som ein viktig ingrediens.

Mjølkeprodukt blir òg kalla meieriprodukt. Det finst mange mjølkeprodukt å velje mellom, og til kvardags bør du velje dei magre variantane. Magre produkt inneheld like mykje næringsstoff som dei originale variantane; det er berre feittinnhaldet som er redusert.

Til mjølk og mjølkeprodukt reknar vi

  • alle typar mjølk
  • smør
  • ost
  • rømme og fløyte
  • kesam og cottage cheese
  • yoghurt

Meir informasjon om desse produkta finn du hos Opplysningskontoret for Meieriprodukter (melk.no).

Mjølk og mjølkeprodukt inneheld

  • feitt
  • protein
  • vitamin (vitamin B, og vitamin D som er tilsett i nokre typar mjølk)
  • mineral (kalsium og jod)

Feittinnhaldet i dei ulike mjølketypane varierer mellom 3,9 prosent i heilmjølk, 0,5–1,5 prosent i lettmjølk og 0,1 prosent i skumma mjølk. Feittet vi får frå mjølk via mjølkeprodukt, er metta.

Ei mugge med mjølk, ei skål med yoghurt og litt ost. Foto.

Pasteurisering

For at det ikkje skal vere farlege bakteriar i mjølka, blir all mjølk som vi sel i Noreg, pasteurisert. Dette kan gjerast på fleire måtar, men det som er mest vanleg, er å varme opp mjølka til 72 gradar i minst 15 sekund.

Homogenisering

Heilmjølk, lettmjølk og kefir blir i tillegg homogenisert. Det vil seie at feittet i mjølka blir finfordelt slik at det ikkje blir liggjande og flyte på toppen av mjølka.

Variasjon blant mjølkeprodukt

Mjølk og mjølkeprodukt

  • kan vere produserte i Noreg eller vere importerte
  • kan vere økologiske eller ikkje
  • kan ha ulikt feittinnhald
  • kan vere laktosereduserte
  • kan ha ulike smakstilsetjingar
  • kan drikkast eller etast som dei er, eller nyttast i ulike retter

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjent på nettsidene til Opplysningskontoret for Meieriprodukt (mjølk.no). Lag deg ei oversikt over kva som finst på desse sidene, og diskuter med ein medelev korleis du kan bruke desse sidene på skulen og i bedriftene.
  2. Kvifor bør mjølk og mjølkeprodukt vere ein del av den daglege kosten vår?
  3. Bruk Matvaretabellen frå Mattilsynet og slå opp næringsinnhaldet i ulike mjølkesortar og mjølkeprodukt. Kva finn du ut?
  4. Mange meiner at brunost er eit spesielt bra pålegg, og at han inneheld mykje jern. Bruk lenkja til matvaretabellen for å finne ut om dette stemmer.
  5. Finn ut om all yoghurt inneheld like mykje karbohydrat. Kva fortel dette deg?
CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Storfe