Storfekjøttproduksjon - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Storfekjøttproduksjon

Vi produserer mindre storfekjøtt enn vi forbruker i Noreg, så produksjonen bør aukast for betre sjølvforsyning. Storfe til kjøttproduksjon kan vere godt eigna på utmarksbeite og til å beite på areal det ikkje kan dyrkast anna enn gras på. På den måten kan vi bruke desse ressursane til matproduksjon.

Kjøttferasar

Dei fem rasane vi har vist bilete av her, er dei mest utbreidde kjøttferasane i Noreg og dei det blir drive nasjonalt avlsarbeid på. I tillegg finst fleire andre rasar. Du kan lese meir om alle kjøttferasane på nettsida til avlsorganisasjonen TYR.

Tunge og lette rasar

Vi skil vanlegvis mellom tunge og lette rasar av kjøttfe. Tunge rasar er mellom anna charolais, limousin og simmental. Av lette rasar er hereford og aberdeen angus mest utbreidde.

I dei siste tiåra har det vorte meir spesialisert kjøttproduksjon på storfe, delvis lausrive frå mjølkeproduksjon. Likevel blir om lag tre firedelar av storfekjøttet produsert på kalvar fødde av mjølkekyr. For å halde oppe mjølkeproduksjonen må mjølkekua få kalv jamleg, men ikkje alle desse kalvane skal inn i besetninga som mjølkekyr sjølv. Dei blir derfor fôra opp til kjøttproduksjon.

Spesialisert kjøttproduksjon

Spesialisert kjøttproduksjon på storfe skjer ved at vi bruker rasar som gir mindre mjølk enn NRF, men som har meir kjøttfylde og eit meir nøysamt næringsbehov. I dette opplegget går kalven med mor og får mjølk av ho fram til han sjølv kan byrje å ta opp grovfôr. Derfor kallar vi gjerne desse kyrne for ammekyr. Denne produksjonen baserer seg i stor grad på beitebruk, og på fôring med grovfôr vinterstid.

Mange storfekjøttprodusentar har eit opplegg med intensiv kalving tidleg på våren. Då kan ku og kalv gå saman på beite heile sommarhalvåret, før dei skilst når dyra skal inn om hausten. Då blir kalvane fôra vidare med grovfôr og kraftfôr etter behov fram til ønskt slaktevekt, mens kyrne blir fôra fram mot ny kalving neste vår.

Spesialisert kjøttproduksjon på storfe er mindre intensivt enn mjølkeproduksjon, både når det gjeld arbeid med stell og mjølking, og når det gjeld bruk av kraftfôr og anna konsentrert fôr. Oppfôring av storfe til slakt kan gjerast på fleire ulike måtar, og det er viktig å planlegge godt for å oppnå god lønnsemd.

Kva rase dyra er av, har mykje å seie og bør vere eit utgangspunkt for planlegginga. Dessutan vil tilgangen på fôr og typen fôr vere viktig. Det er òg forskjell på vekstevne og vekstfart mellom kviger og oksar; oksane veks raskast.

Nokon vel å kastrere oksane som skal brukast til kjøttproduksjon. Då blir dei rolegare og lettare å handtere, og dei eignar seg godt som beitedyr. Dagleg tilvekst er likevel vesentleg mindre for kastratar enn for oksar som ikkje er kastrerte. Det må lagast fôrplanar som tek utgangspunkt i desse føresetnadene og i ønskt slaktealder.

Kombinert mjølke- og kjøttproduksjon

Når om lag halvparten av kukalvane i mjølkekubesetningar blir brukt til å rekruttere nye mjølkekyr, inneber det at den andre halvparten kan brukast til kjøttproduksjon. Berre eit fåtal oksar blir haldne som avlsoksar, så nesten alle oksekalvane er tilgjengelege for kjøttproduksjon.

Gruppering av slakt

Ved slakting blir dyra vurderte og delte inn i ulike klassar for type slakt, vekt, kjøttfylde og feitleiksgrad. Desse grupperingane gir ulik avrekningspris til produsenten. Prisen skal i utgangspunktet spegle prisen som slakteria kan få for produktet når dei sel det vidare, anten som kjøtt eller som omarbeidde produkt.

Diskuter

Viss du skal planlegge kjøttproduksjon i ei storfebesetning du kjenner, kva type dyr vil du nytte, og kva slaktealder vil du ta sikte på? Grunngi svara dine.

Relatert innhald

Skrive av Torger Gjefsen og Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022