Hopp til innhald

Fagstoff

Storfe

De seinare åra har forskinga gitt oss mykje ny innsikt i korleis storfe opptrer når dei får bestemme og tilpasse levemåten sin slik dei vil – når dei får utøve dei vi kallar naturleg åtferd. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn for dei nye krava til innreiing av fjøs for storfe.
Oversiktsbilete som viser mange kyr som ligg i liggebåsar. Foto.

Mellom anna har kunnskapen om den naturlege åtferda til dyra ført til krav om at storfe skal ha mjukt liggeunderlag. Dei skal òg helst kunne gå fritt i staden for å stå bundne på ein bås. Dette kallar vi lausdrift. Det er òg krav om at storfe, bortsett frå oksar, skal ut på beite i åtte veker kvar sommar. Robotanlegg for mjølking og automatar for tildeling av fôr bygger òg på ny kunnskap om naturleg åtferd hos storfe.

Åtferd, fôring og stell

Ku som blir mjølka av ein mjølkerobot. Foto.

Internt i ein flokk med storfe held dyra kontakten og sendar beskjedar til kvarandre ved hjelp av kroppsstilling, berøring og luktesans. Gjennom måten dei held øra på, og stillinga på hovudet, gir dei viktige signal til kvarandre. Viss dei kjem ut av syne for kvarandre, kan dei raute for å ta opp att kontakten. Dyra i ein flokk med storfe innrettar seg etter rang, der dei som står øvst, har førsteretten til mat og drikke.

Rangordninga blir etablert anten gjennom truande åtferd eller med direkte knuffing og slåssing. Dei dyra som har horn, står høgare i rang enn dei dyra som er kolla. Vi som har ansvar for dyra, må sørge for at det er mange nok plassar der dei kan ete og drikke, slik at òg dei dyra som står nedst på rangstigen, får i seg det dei treng. Luktesansen er særleg viktig for kontakten mellom ku og kalv.

Diskuter

  • Nemn argument for og imot lausdrift for mjølkekyr.
  • Ta utgangspunkt i ei besetning du kjenner. Korleis kan vi best legge til rette for at storfe skal kunne gå på beite om sommaren?

Planteetarar

Nærbilete av høy. Foto.

Hovudgrunnen til at vi held storfe som husdyr, er at storfe er planteetarar og har evna til å utnytte gras og gjere om gras til nyttige matvarer som mjølk og kjøtt. Nettopp dette at dei er grasetarar, er veldig viktig å ta omsyn til når vi skal fôre dyra. Gras må vere hovudfôret til drøvtyggarar. Dei må ha mykje gras for at fordøyingssystemet skal fungere normalt. Høgtytande mjølkekyr og dyr som skal vekse raskt, må ha kraftfôr i tillegg, men gras og grovfôr må vere hovudfôret.

Ku og kalv

Kalvinga og kalven er heilt sentrale i storfeproduksjonen. Ei er som regel om lag to år gammal når ho får sin første kalv, og kua får deretter vanlegvis éin kalv i året – berre unntaksvis tvillingar. Alle kalvane representerer liv som kan brukast til nye mordyr eller til produksjon av kjøtt. Kalvinga er starten på ein omtrent ti–elleve månader lang periode med mjølkeproduksjon hos kua (laktasjonsperioden). Får ikkje kua ein ny kalv kvart år, stoppar den normale produksjonen av både mjølk og kjøtt. Derfor er drektigheit og kalvefødslar heilt avgjerande for økonomien i produksjonen.

Livssyklus hos storfe

Fôring av kalv

Ein liten kalv drikk frå flaske som blir halden av ein person. Foto.

Kalven diar mora fem til ti gonger i døgnet den første månaden dersom han får høve. Viss kalven blir skild frå mora, må han få mjølk like ofte den første tida. Dei første dagane er mjølka frå kua særleg rik på næringsstoff og immunstoff som vernar mot infeksjon. Kalven fungerer som eit einmaga dyr dei første vekene og månadene. Han bør ha tilgang til ferskt og godt grovfôr og kraftfôr allereie frå første leveveke, sidan dette er viktig for å utvikle drøvtyggarfunksjonen raskt.

Avvenning

Tre kalvar ved drikkekar i eit fjøs. Foto.

Kalvane kan vennast av frå mjølk når dei tek opp 1,0 kg kraftfôr om dagen. Det gjer dei vanlegvis når dei er eit par månader gamle. Det finst gode planar for korleis kalvar bør fôrast, og for korleis vi kan utnytte ekstra råmjølk som fôr for kalvane. God hygiene, god helse og godt stell er òg viktig for velferda til kalvane, og for at dei skal utvikle seg og vekse best mogleg.

Finn ut meir

  • Finn fram til ein fôrplan for kalv og studer den.
  • Kva er reglane for kor lenge ku og kalv skal gå saman i konvensjonell og i økologisk mjølkeproduksjon? Kva meiner du er best? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Storfe er ei fellesnemning for ku, okse og kalv. Storfe er store pattedyr som er drøvtyggjarar. Vi reknar vanlegvis kalv som storfe yngre enn seks månader.

Mjølk og mjølkeprodukt er ein viktig del av kosthaldet for dei fleste i Noreg. Mange av dei gamle norske matrettene har mjølk som ein viktig ingrediens.

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2018

Læringsressursar

Storfe