Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ta kroppstemperaturen på storfe

I denne oppgåva skal du måle og dokumentere kroppstemperaturen på to kyr og to kalvar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle dyr har ein normaltemperatur. Dei ulike husdyra og selskapsdyra har ulik normaltemperatur. Dersom vi mistenkjer at eit dyr er sjukt, bør vi alltid ta temperaturen.

Dersom temperaturen ligg over normalverdien, tyder dette på at dyret har feber og er sjukt. Dyret kan òg ha ein temperatur under normalverdien. Dette kan vere berre ein individuell forskjell, men det kan òg tyde på at dyret er sjukt. Det er viktig å hugse på at vi ikkje kan stole på temperaturen åleine for å vurdere allmenntilstanden til dyret, men at vi må sjå det i samanheng med andre sjukdomsteikn (symptom).

Vi kan ikkje bedømme temperaturen til eit dyr ved til dømes å kjenne på snuten på ein hund eller øyra på ei ku. Det er berre bruk av eit termometer i endetarmen som gir eit korrekt svar.

For dei ulike aldersgruppene hos storfe er normaltemperaturen som følgjer:

Normal kroppstemperatur

Spekalv

38,5–40,5 gradar

Ungdyr inntil eitt år

38,5–40,0 gradar

Storfe over eitt år

38,0–39,2 gradar

Korleis gjer du det i praksis?

  • Ta fram termometeret og sjekk at det verkar ved å trykkje på knappen.
  • Skru det så av att ved å trykkje på knappen på nytt.
  • Sett på eit termometerovertrekk.
  • Løft halen godt til side, og før termometeret inn i endetarmen.

    • NB! Termometeret skal ikkje førast inn med makt, men trykkjast forsiktig inn. Når termometeret møter naturleg motstand, har ein ført det langt nok inn, og det skal ikkje førast lenger inn. Det er viktig at sølvtuppen på termometeret er innanfor endetarmsopninga.
  • Skru på termometeret og hald det i ro fram til det pip eller displayet blinkar (dette kjem an på kva type termometer du har). Det kan vere lurt å måle to gonger.
  • Dokumenter kroppstemperaturen i journalen til dyret.

Relatert innhald

Dagleg helsesjekk er eit nøkkelverktøy i drifta. Det gir betre dyrevelferd, arbeidsmiljø og økonomi.

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Storfe