Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øving: slepptesten

For å studere jordstrukturen på eit jorde kan vi gjennomføre noko vi kallar "slepptesten".
Jord som ligg på ein presenning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta med deg ein spade og ein presenning ut på jordet når det er normalt tørre forhold. Grav opp ein jordklump med storleik som spaden. Øvinga fungerer best på leirhaldig jord, midt i vekstsesongen.

  1. Studer jordklumpen mens han er heil. Viss det er plantevekst på jordet, korleis ser røtene ut? Korleis sprekk jorda opp?

  2. Hald jordklumpen på spaden, i hoftehøgde (cirka ein meter over bakken). Slepp han ned på presenningen. Kva skjer med jordklumpen? Smuldrar han fint? Studer korleis han blir broten opp. Er det mange store delar? Det bør vere mest mogleg gryn og minst mogleg "flate plater" og store klumpar. Slike flate plater tyder på at jorda er pressa for hardt saman.

  3. Studer jordlivet og planterøtene. Er det god rotvekst? Er røtene bleike? Bleike eller kvite røter tyder på dårleg drenert jord med lite luft. Ser du meitemark eller anna jordliv? Meitemark er eit sunnheitsteikn.

Slipptesten fungerer som sagt best på leirholdige jordartar, så viss du skal sjå på sandjord, må du legge meir vekt på om du må trakke hardt på spaden eller ikkje og dessutan å studere rotutviklinga og sjå etter meitemark.

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Jord og jordsmonn