Film og filmklipp
Jordvern
Matjord, som er det fruktbare jord- eller moldlaget på åkrar og enger, er ein avgrensa ressurs som blir brukt til plantedyrking og matproduksjon i jordbruket.
Matjord blir danna gjennom ein svært tidkrevjande biologisk prosess, der det kan ta frå fleire hundre til opp mot tusen år å danne nokre få centimeter med matjord. Matjord er uerstatteleg i all plantedyrking og er grunnlaget for matproduksjonen i verda.
Filmen Let's talk about soil viser kva som skjer med matjorda i verda, og kvifor det er viktig å ta vare på matjorda.
Diskuter
- Kjenner de til eksempel på at dyrka mark forsvinn?
- Kva er årsakene til at dyrka mark blir borte i Noreg?
- Kva kan vi gjere for å behalde areal til matproduksjon?