Hopp til innhald

Fagstoff

Jordkultur og jordøkologi

Jorda er grunnlaget for plantevekst og på den måten for all landbruksproduksjon. For å få best mogleg avling på jorda må vi legge til rette for at jorda skal gi plantane så gode vekstforhold som mogleg. Jorda skal gi plantane eit godt rotfeste, tilgang på vatn og ikkje minst næringsstoff.
Frøspire med frøskal kjem opp frå jorda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ei rekke faktorar som speler inn på kor godt plantane trivst i jorda, og ulike plantar kan ha ulike behov. Derfor er det viktig å ha kunnskap både om jord og om dei ulike plantane for å kunne drive ein vellykka produksjon.

Matjord

Person som grev i jorda med ein spade.  Foto.

Det øvste jordlaget på jorda kallar vi matjordlaget. Matjord er nemninga på dyrkbar jord med høgt innhald av mold (organisk materiale, òg kalla humus). Denne jorda har vorte til over lang tid, gjennom jordarbeiding, gjødsling, tilførsel av organisk materiale (planterestar og husdyrgjødsel) og jordlivet som bryt alt dette ned til humus og næringsstoff som plantane treng for å vekse.

Når vi driv planteproduksjon på jorda, bruker vi av næringa i matjorda, og det er viktig å hugse på at vi òg må tilføre næringsstoff, slik at matjorda ikkje går tom. Dette gjer vi ved å tilføre husdyrgjødsel og ved å blande inn anna organisk materiale, som planterestar frå fjorårsvekstane. I tillegg er det viktig å legge godt til rette for at jordlivet (meitemark, sopp og bakteriar) trivst, slik at dei bryt ned det organiske materialet på ein effektiv måte.

Karbon i jord

Alt organisk materiale inneheld karbon. Ved å tilføre og auke innhaldet av organisk materiale i jorda aukar vi òg karboninnhaldet. På denne måten kan jorda fungere som karbonlager og bidra som klimatiltak mot den stadig aukande mengda karbondioksid, CO2, i lufta (CO2 er bygd opp av karbon, C, og oksygen, O). Plantar forbrukar CO2 gjennom fotosyntesen. Oksygenet frå CO2 blir sleppt ut igjen og gir oss lufta vi treng for å puste. Karbonet blir omdanna til næring og byggeklossar som plantane treng for å vekse. Slik blir karbonet lagra i plantane og røtene, og når vi pløyer ned planterestar, blir dette karbonet tilbakeført til jorda og lagra der.

Jordstruktur

Jordstrukturen beskriv tilstanden i jorda. Når vi snakkar om å ha god jordstruktur, meiner vi at jorda er godt drenert og ikkje for tettpakka. Jord med dårleg jordstruktur er gjerne tettpakka, drenerer vatn dårleg, har lite luftporer, og det er vanskeleg for planterøtene å vekse optimalt. Godt utvikla planterøter er avgjerande for god plantevekst, for det er gjennom røtene plantane hentar vatn og næringsstoff frå jorda.

I tillegg til at plantane i seg sjølve vil vekse dårleg i jord med dårleg jordstruktur, vil òg jordlivet trivast dårleg. Slik vil òg nedbryting av planterestar og anna organisk materiale gå saktare i jord med dårleg jordstruktur. Ein annan fare ved slik jord er at ho er meir utsett for erosjon og avrenning, fordi ho ikkje har luftgangar som drenerer vatnet unna på ein god måte.

Køyreskadar som følge av at vi køyrer på jordet når jorda ikkje er lagleg, er den største årsaka til dårleg jordstruktur, men vi kan påverke jordstrukturen på fleire måtar. Både god plantevekst med mykje røter og godt med liv i jorda stimulerer til betre jordstruktur. Det same gjer drenering, fordi våt jord er meir utsett for køyreskadar.

Jordtypane

I tillegg til at jorda kan ha varierande innhald av næring i form av organisk materiale, har vi òg ulike jordtypar, noko som påverkar planteveksten. Det er viktig at du har kunnskap om eigenskapane til dei ulike jordtypane og om kva jordtypar du har på jorda dine, for å kunne behandle dei på rett måte. Vi skil mellom jordtypane leirjord, siltjord og sandjord og blandingar/mellomting av desse. Det er storleiken på jordpartiklane som avgjer jordtypen. Dei tre jordartane er det vi kallar sedimentære jordartar, som betyr at dei er danna av avsetningar frå hav, elvar og innsjøar.

Leirjord

Leirjord er jordarten med dei minste partiklane. Dette gir ho ei rekke ulike eigenskapar, på godt og vondt. Leirjord held godt på vatn og næringsstoff. At ho held godt på vatn, betyr òg at ho inneheld lite luft og drenerer dårleg. Fordi partiklane i leirjord er så små, får ho lett strukturproblem, tørkar sakte, blir seint varm om våren og det oppstår fort køyreskadar om ein køyrer når jorda ikkje er lagleg. Ho får òg fort ei hard skorpe i overflata når ho først tørkar. Strukturen i leirjord kan forbetrast med høgt moldinnhald. Tilførsel av organisk materiale er derfor særleg viktig på leirjord.

Siltjord

Siltjord har eit hakk større partiklar enn leirjord. Ho held litt dårlegare på næringsstoffa og har større risiko for erosjon og utvasking. Ho transporterer og drenerer vatn betre enn leirjorda gjer, men held òg godt på vatnet, og ho er tørkesterk (tørkar ikkje så lett ut). Ho er lettare å jobbe med enn leirjorda, men ho transporterer luft dårleg og blir seint varma opp om våren.

Sandjord

Sandjorda har dei største partiklane. Dette betyr at ho drenerer vatn og transporterer luft godt. Derfor toler ho mykje nedbør utan å bli vaska ut. Samtidig gjer dette at ho held dårleg på næringsstoffa og er utsett for tørke. Ho blir tidleg varm om våren og er lett å jobbe med.

Strukturen i sandjord kan òg forbetrast med høgt moldinnhald. Det hjelper òg jorda til å halde betre på vatn og aukar næringsinnhaldet.

Morenejord og myrjord

I tillegg til dei tre jordtypane nemnde over, og blandingar/mellomting av desse, har vi andre jordtypar, som morenejord og myrjord. Morenejord finn vi over den marine grensa, altså område som låg over havnivå etter siste istid. Denne jordtypen består av ei blanding av mange ulike materiale av ulik kornstorleik (alt frå leirpartiklar til store blokker/steinar) og er lausmassar som isbreane førte med seg, og som vart liggande igjen då dei smelta. Morenejord er gjerne passe fuktig, og vi kan oppnå god jordstruktur. Men ho inneheld mykje stein, som ofte gjer steinplukking nødvendig etter jordarbeiding.

Myrjord består i all hovudsak av organisk materiale som blir omdanna under fuktige forhold. På grunn av mykje vatn er det lite luft, og omdanninga går seint, og myrjorda inneheld mykje organisk materiale som ikkje er brote ned. Ho er ofte næringsfattig, blir seint varma opp og er utsett for køyreskadar fordi ho er så våt. Ho toler tørke godt. Har vi moglegheit til å blande inn mineraljord i myrjorda, kan vi forbetre eigenskapane.

Jordlivet

Det har lenge vore mykje fokus på jordfysikk og jordkjemi, altså eigenskapane og næringsinnhaldet til jordtypane. No får biologien, altså jordlivet, meir og meir merksemd som ein viktig del av jorda, som vi må pleie, ta omsyn til og ta vare på. Jorda er full av levande organismar, frå dei minste bakteriane til sopp, algar, meitemark og andre småkryp. Saman med jorda og plantane dannar dei eit heilt økosystem der alle er avhengige av kvarandre for at jorda skal vere sunn og fungere optimalt.

Jordlivet er avgjerande for at viktige næringsstoff skal bli tilgjengeleg for plantane, gjennom nedbryting av organisk materiale. På same måte som plantane er avhengig av jordlivet, er jordlivet avhengig av plantane for at dei skal få næring og ei jord dei trivst i. Jordlivet er òg viktig for jordstrukturen.

Det vi finn aller mest av i jorda, er bakteriar. Dei finst i mange ulike artar, og alle har sin spesielle funksjonen. Bakteriane gjer næringsstoff tilgjengeleg for plantane. Nokre bakteriar frigjer næring frå organisk materiale, nokre bryt ned jordmineral og gjer at plantane kan få tak i minerala dei treng. Nokre bakteriar kan òg fiksere nitrogen frå lufta. Nitrogen er eit veldig viktig plantenæringsstoff, og det er hovudbestanddelen i kunstgjødsel. Det finst store mengder nitrogen i lufta, men denne kan ikkje plantane få tak i sjølv. Ved å leve i symbiose med bakteriar som kan fiksere nitrogen frå lufta, får plantane større tilgang på det viktige næringsstoffet.

Sopp i jorda finst i mange ulike artar og storleikar. Dei hjelper til med å bryte ned organisk materiale og gjer dermed næring tilgjengeleg for plantane. I tillegg produserer dei stoffar som er med på å binde jorda saman, og betrar jordstrukturen.

Meitemark i jord. Foto.

Det mest synlege av alt jordlivet er kanskje meitemarken. Meitemarken er ein indikator på tilstanden i jorda. Mykje meitemark er eit sunnheitsteikn. Dei gjer om organisk materiale, slik at næringa blir tilgjengeleg for plantane. I tillegg lagar meitemarken luftgangar som kan hjelpe til med å drenere og løyse opp jorda. Kanskje kan vi seie at meitemarken er våre viktigaste husdyr?

Relatert innhald

For å studere jordstrukturen på eit jorde kan vi gjennomføre noko vi kallar "slepptesten".

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2022

Læringsressursar

Jord og jordsmonn