Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk jordlivet – grav ned trusa

I denne undersøkinga skal de finne ut meir om jordlivet. Grav ned ei truse og la ho ligge i jorda i to månader. Kva vil skje med stoffet?
Mann som held i ei kvit truse over eit hòl i bakken. Spaden står ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jord består av mineral, dødt organisk materiale og levande organismar. Dei levande organismane har som oppgåve å bryte ned dødt organisk materiale og gjere dette om til næringsstoff plantene kan ta opp. Organismane i jorda har òg betyding for jordstrukturen og er på ulike måtar med på å gi gode vilkår for plantevekst. Vi ønsker oss derfor jord med eit rikt jordliv.

Undersøk og lær meir om jordlivet med denne oppgåva. Arbeidet kan gjennomførast som eit forsøk. De finn link til rapportmalen nedst på sida.

Finn ut

  1. Kva er organisk materiale?
  2. Finn døme på kva slags grupper av levande organismar vi har i jorda, og kva dei bidreg med for å skape god jord.

De treng

  1. spade
  2. bomullstruser. I staden for truser kan de nytte noko anna av bomull (til dømes klippe opp eit laken, ei t-skjorte eller ein gammal duk). Stoffbitane bør vere av ein viss storleik, så stringtruser eignar seg derfor ikkje.
  3. merkepinne og eventuelt ein GPS

Før de gjer undersøkinga – diskuter desse punkta

  1. Kva trur de vil skje med trusene/stoffbitane som blir gravne ned?
  2. Kvifor er det viktig at stoffet som blir grave ned, er av bomull?
  3. Vil resultatet bli det same uavhengig av kvar stoffet blir grave ned? Kvifor eller kvifor ikkje?
  4. Kvar skal de grave ned truser/stoffbitar for å undersøke jordlivet? Er den nokon stad de trur det er mykje jordliv? Er den nokon stad de trur det er lite jordliv?

Skriv ned det de kjem fram til, og ta vare på notata.

Slik gjer de

  1. Grav ned trusene/stoffbitane på dei stadene de har vorte samde om. Dei skal ligge flatt 5–10 cm djupt.
  2. Fyll att hola.
  3. Set opp merkepinnar slik at de finn att stadene. Dersom de har tilgang til GPS, kan de i tillegg merke av punkta på han.
  4. La trusene/stoffbitane ligge i bakken i to månader.
  5. Finn att stadene og grav opp trusene/stoffbitane.

Etterarbeid

  1. Kva fann de ut?
  2. Korleis forklarer de resultata av undersøkinga?
  3. Sjå tilbake på notata de gjorde før undersøkinga. Gjekk det slik de trudde?
  4. Kva tenker de om denne påstanden: "Jo meir ròten trusa/stoffbiten er etter to månader, jo sunnare jord er det på staden"?

Alternativ

  • Kor fort skjer det noko med trusa/stoffet? Grav ned fleire på omtrent same stad og grav opp på ulike tidspunkt.
  • Kva vil skje med eit syntetisk stoff? For å samanlikne kan de grave ned ei truse/stoffbit av nylon òg.
  • Undersøkinga kan gjerast på ulike typar dyrka mark. Undersøkinga kan òg gjerast i ulike skogtypar.
  • Kva vil skje viss trusa/stoffbiten blir graven ned i myra?

Idéen til denne oppgåva er henta frå Norsk Landbruksrådgiving som sommaren 2020 hadde kampanjen #trusekampen der bønder over heile landet vart utfordra til å grave ned truser for å lære meir om jorda si.

Relatert innhald

Relatert innhald

Lær meir om jord i denne filmen.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2020

Læringsressursar

Jord og jordsmonn