Hopp til innhald

Fagstoff

Jord og jordsmonn

Vi bruker gjerne ordet jord om blomsterjord eller matjord. Sand og grus er òg døme på jordtypar. Jord er vekstmediet som plantene har røtene sine i. Alle som dyrkar eller steller planter, må kunne noko om jord. Dei ulike jordtypane har ulike eigenskapar som påverkar forholda for planteveksten.
Ei hand som held ei lita grøn plante i jord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jord

Jord er alt lausmaterialet av uorganisk og organisk opphav over fast fjell. Holromma (porene) mellom dei faste partiklane er fylte med jordluft og jordvatn.

Lausmaterialet kan delast inn i jordartar og jordsmonn. Jordartane er delte inn etter kjemisk og mekanisk samansetjing, korleis dei har oppstått, og kva materiale dei har oppstått av. Dei fleste av jordartane i landet er avsette i smelteperioden under og etter siste istida for 13 000–8 500 år sidan.

Etter at jordartane vart danna, har klimaet og levande organismar forma ulike typar jordsmonn – bestemde av topografien og kor lenge prosessane har gått føre seg.

Tverrsnitt av to ulike jordprofilar. Podsolprofilen har denne lagdelinga fra toppen: humuslag, bleikjord, utfellingslag og mineraljord. Brunjordprofilen har brunjord øvst og mineraljord lenger ned. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jordsmonn

Jordsmonnet er det øvste laget av alt laust materiale over fast fjell (lausmassar) som er påverka av klima og levande organismar. Desse prosessane gjer at jordsmonnet skil seg ut frå undergrunnsjorda. Dei jordsmonndannande prosessane påverkar jordsmonnet frå overflata og nedover. Jordsmonnet utviklar derfor gradvise variasjonar i samansetjing og farge nedover mot undergrunnsjorda.

Tverrsnitt av bakken som viser ulike lag. Jordsmonn og undergrunnsjord utgjer det vi kallar jord. Fast fjell ligg under jorda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jordartar

Ein jordart er jord som blir bestemt ut frå korleis ho er sett saman mekaniske eller kjemisk, korleis ho er danna geologisk, og kva det geologiske opphavsmaterialet var.

Mekanisk samansetjing

Mekanisk blir ein jordart beskriven etter samansetjinga av partiklar og diameteren av desse i grupper. Dei grøvste partiklane er blokk og stein. Dei finare partiklane som grus, sand og silt er igjen delte opp i undergrupper som vist i tabellen. Dei aller finaste partiklane er leir.

Klassifisering av jordartAr

Jordart

Diameter (mm)

Blokk

> 200

Stein

60–200

Grov grus

20–60

Middels grov grus

6–20

Fin grus

2–6

Grov sand

0,6–2

Middels grov sand

0,2–0,6

Fin sand

0,06–0,2

Grov silt

0,02–0,06

Middels grov silt

0,006–0,02

Fin silt

0,002–0,006

Leir

< 0,002

Jordartane delte inn etter geologisk opphav

Dei fysiske og kjemiske eigenskapane til jordpartiklane er bestemde av det geologiske opphavet til jorda, kva mineral dette opphavet bestod av, og korleis jorda har forvitra fysisk og kjemisk.

Dei fysiske og kjemiske eigenskapane til jordarten, den geologiske danninga og det geologiske opphavsmaterialet dannar saman utgangspunktet for korleis klimaet og dei levande organismane som seinare har komme til, har utvikla dei ulike jordsmonna vi finn i dag. Jordsmonndanninga er òg påverka av topografien.

Ei geologisk inndeling av jordartane gir oss seks ulike grupper etter korleis dei er danna:

  1. forvitringsjord (danna på staden)
  2. organisk jord (danna på staden)
  3. morenejord (flytta med isen)
  4. sedimentær jord (flytta med vatn)
  5. flygesand (flytta med vind)
  6. skredjord (flytta ved hjelp av eiga vekt)

Forvitringsjord

Forvitringsjord blir danna på staden ved kjemisk forvitring, til dømes i møte med svak syre (som HCO3 i vatn) eller fysisk forvitring, som til dømes frostsprenging. I Noreg er forvitringsjord lite utbreidd, men ho finst over bergartar som kalkstein og skifer. Dette er bergartar som forvitrar lett. Overgangen mellom forvitringsjorda og berggrunnen under er gjerne uskarp, og jordarten er lite einsarta.

Berg som er flaket opp i mange store og små deler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisk jord

Organisk jord blir danna på staden ved at opphopinga av organisk materiale er større enn nedbrytinga. Dette er ofte tilfelle der det er anten kaldt eller vått (lite oksygen), eller begge delar. For at jordarten skal kallast organisk jord, må innhaldet av organisk materiale vere høgare enn 40 prosent i minimum 40 cm tjukkleik på udyrka mark. Av organiske jordartar i Noreg er det torvjord som har størst utbreiing. Vi finn torv og myr særleg i høgareliggande strøk i Søraust-Noreg og i Finnmark, og på nokre øyar på Nord-Vestlandet.

Kvinne med sykkel står i bunnen av torvuttak som er tre meter dypt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Morenejord

Morenejord består av svært dårleg sortert materiale som isbreane har avsett. Partikkelstorleiken varierer frå leir til blokk, og alt er blanda saman utan noka form for system. Derfor er det heller inga lagdeling frå topp til botn i morenejord. Det er vanleg å finne mykje stein og blokkar i norske morenar, og dei kan utgjere 30–70 prosent av totalvolumet. Resten blir fylt opp av mindre partikkelstorleikar, men leirinnhaldet er ofte mindre enn ti prosent. Det finst samanhengande tjukke lag morenejord i Noreg, og dei utgjer 20–30 prosent av landarealet. Dei største kontinuerleg tjukke morenedekka finst på Jæren, på Finnmarksvidda og i indre delar av Austlandsområdet. Morenejorddekket i Noreg består likevel for det meste av usamanhengande tynnare lag på mindre enn éin meter. Derfor finst ofte òg bert fjell saman med morenejord.

Skråning der jorda under bakken har blitt synleg. Jorda består av brun sand med steinar i mange ulike storleikar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sedimentære jordartar

Sedimentære jordartar er flytta med vatn, og dei er karakteriserte av godt sortert materiale som ofte har ei tydeleg vertikal lagdeling. Dei sedimentære jordartane er delte opp i:

  1. breelvavsetjingar (transporterte og avsette av smeltevatn frå isbrear)
  2. bresjøavsetjingar (avsette i bredemde sjøar, ferskvatn)
  3. strandavsetjingar (utvaska og avsette av bølger og straumar i strandsona)
  4. elve- og bekkeavsetjingar (transporterte og avsette av strøymande vatn etter istida)
  5. hav- og fjordavsetjingar (avsette under marin grense, i hav)

Stor skråning med sand og grus skrånar ned mot eit vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flygesand

Flygesand, eller vindavsetjingar, er lite utbreidd i Noreg – eitt døme er eit flygesandområde nær Elverum. Dette er avsetjingar av godt sortert finsand eller mellomsand som vinden har ført med seg.

Grastue på sanddyne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skredjord

Skredjord blir danna når forvitra materiale i bratt lende rasar nedover og samlar seg ved overgangen til svakare helling i terrenget. Dette er ofte samlingar av stein og blokk i eit såkalla blokkhav. På nokre lokalitetar finst det òg finmateriale under den stein- og blokkrike overflata.

Fjellandskap med steinur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Almås, Å.R. (2016, 16. mars). Jord. I Store norske leksikon. https://snl.no/jord

CC BY-SASkrive av Åsgeir Rossebø Almås og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2018

Læringsressursar

Jord og jordsmonn