Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

På jobb som portør

Oppgåve

Arbeidsoppgåver for portøren

Portøren har ei viktig rolle i sjukehuskvardagen, med ansvar for trygg og effektiv transport av pasientar, prøvar og utstyr. Yrket krev godt samarbeid, fysisk uthald og profesjonell framferd. Her får du utforske oppgåvene til portøren gjennom aktivitet, praktisk samarbeid og refleksjon.

Utforsk portøryrket

Les fagartikkelen "Å jobbe som portør" og svar på spørsmåla. Del gjerne tankane dine med klassen i eit delt dokument.

  1. Kvar kan ein portør jobbe?

  2. Kva er typiske arbeidsoppgåver for ein portør?

  3. Kva yrkesgrupper samarbeider portøren med i løpet av ein arbeidsdag?

  4. Kva kunnskapar, ferdigheiter og haldningar er nødvendige for å utføre jobben som portør på ein profesjonell måte?

  5. Korleis bidreg portøren til pasientsikkerheit og effektivitet i helsevesenet, og kva utfordringar møter hen i det daglege arbeidet sitt?

  6. Kva for nokre personlege eigenskapar og ferdigheiter meiner du er viktigast for å lykkast som portør, og korleis kan desse påverke samarbeidet med andre yrkesgrupper i helsevesenet?

På oppdrag som portør

I denne aktiviteten skal de forvandle heile eller delar av skulen til eit "sjukehus" og utføre pasienttransport som portørar.

1. Lag eit sjukehuskart

Lag eit fiktivt kart over sjukehusavdelingar på skulen. Døme på avdelingar kan vere akuttmottak, røntgenavdeling, sengepostar, operasjonsavdeling, skiftestue, laboratorium og poliklinikkar. Bruk kreativiteten og tilpass kartet etter kva som finst på skulen.

2. Skaff transportutstyr

For å kunne gjennomføre pasienttransport treng de nødvendig utstyr, som til dømes rullestol, båre og sjukehusseng. Spør dei andre klassane på avdelinga, som ambulansefag eller helsearbeidarfag, om de kan låne utstyr.

3. Rollefordeling

  1. Del klassen inn i grupper som samarbeider. Ei gruppe fungerer som portørar som utfører pasienttransport, den andre gruppa er pasientar og bestillarar av oppdrag.

  2. Kvar portør får minst eit oppdrag. Når alle har gjennomført, byter gruppene roller slik at alle får prøve å vere portørar.

Tips: Inviter gjerne ein annan klasse til å vere pasientar. På denne måten får de meir tid til å øve dykk på å vere portørar.

4. Gjennomføring

Under gjennomføringa kan gruppene som er pasientar, bestiller oppdrag via SMS eller ei digital meldingsteneste (bruk til dømes læringsplattforma dykkar). Gruppene som er portørar, utfører oppdraga så trygt og effektivt som mogleg.

Døme på oppdrag kan vere:

  • Transporter ein pasient i rullestol frå akuttmottaket til røntgenavdelinga.

  • Hjelp ein pasient med nedsett mobilitet til sengeposten.

  • Transporter ein pasient på båre eller seng til operasjonsavdelinga.

Ver kreative og finn fleire oppdrag.

Viktige punkt under gjennomføring av oppdraga

samarbeid
Arbeid saman som eit team ved å planlegge, fordele oppgåver og gi kvarandre støtte undervegs.
kommunikasjon
Ha ein open, positiv og tydeleg kommunikasjon med pasienten, både gjennom tale og kroppsspråk, for å skape tillit og forståing.
omsorg
Vis pasienten omsorg og empati i alle situasjonar.
effektivitet
Sørg for å løyse oppdraget innan rimeleg tid, samtidig som de alltid prioriterer pasientsikkerheita.
følge rutinar
Ha ei klar forståing av oppdraga og hygienerutinane, og sørg for at de følger desse nøye for å halde kvalitet og sikkerheit ved like.

5. Avslutning og refleksjon

Når oppdraget er ferdig, er det tid for å reflektere over korleis det gjekk. For portørane vil det vere nødvendig å få informasjon frå pasientane om korleis dei opplevde situasjonen, om dei kjende seg trygge, sett og godt varetekne.

  1. Kva gjekk bra under oppdraga?

    1. Reflekterer over og vurderer korleis de opplevde å vere pasient, med særleg fokus på om de kjende dykk trygge, sett og godt varetekne.

    2. Reflekter over og vurderer eigen innsats då de var portørar, med særleg fokus på samarbeid, kommunikasjon, omsorg og korleis oppdraga vart utførte.

  2. Kva har de lært? Kva kan de forbetre til neste gong?

Relatert innhald

Kjenneteikn på god helseservice

Som helseservicearbeidar er det viktig at du er serviceinnstilt, slik at pasientar og kundar kjenner seg godt varetekne og blir fornøgde.

Skrive av Aleksandra Krogh og Siv Stai.
Sist oppdatert 11.12.2025