Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

På jobb som portør

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend i garderoben

Garderoben i ei helseverksemd er viktig for at helsepersonell kan skifte til reint arbeidstøy dagleg og oppbevare personlege eigedelar trygt. Bruk denne interaktive garderoben for å bli kjend her.

I garderoben

Opne den interaktive garderoben under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du held fram til oppgåvene under.

Oppgåver

Bruk den interaktive garderoben for å bli kjend med korleis rommet er organisert og innreidd.

  1. Kvifor er det viktig at helsepersonell skiftar til arbeidsklede før dei startar arbeidsdagen?

  2. Kva seier lovverket om skilde garderobar for menn og kvinner på arbeidsplassen?

  3. Kvifor er det praktisk med sitjepallar i garderoben?

  4. Tenk deg at nokon har hengt arbeidsuniforma si på knaggen der yttertøyet skal henge. Kva kan konsekvensane av dette vere?

Relatert innhald

Arbeidsklede i helseservice

Arbeidsklede er ein viktig del av dei basale smittevernrutinane og formidlar samtidig eit profesjonelt inntrykk av helsepersonellet.

Skrive av Aleksandra Krogh og Bushra Choudry.
Sist oppdatert 25.08.2025