Å jobbe som portør

Utdanningsløp
For å jobbe som portør må du fullføre ei godkjend utdanning som består av
vg1 helse- og oppvekstfag
vg2 helseservicefag, helsearbeidarfag eller ambulansefag
to år opplæring (læretid) i bedrift på eit sjukehus eller helseinstitusjon som tilbyr portøropplæring
Når læretida er fullført og du har bestått fagprøven, får du fagbrev som portør.
I samsvar med helsepersonellova blir portørar vanlegvis ikkje rekna som helsepersonell, då yrket ikkje krev autorisasjon. Dersom du har ansvar for pasientar og yter helsehjelp, vil du likevel bli rekna som helsepersonell, ifølge Helsedirektoratet.
Rolla og oppgåvene til portøren
Som portør kan du jobbe ved ulike helseinstitusjonar, som sjukehus, pleieheimar, rehabiliteringssenter og psykiatriske institusjonar, både i offentleg og i privat sektor. Rolla og oppgåvene til portøren kan variere mykje avhengig av arbeidsstad og organisering. Nokre portørar jobbar tett på pasientar og er ei viktig støtte for helsepersonell. Andre har hovudfokus på logistikk og transport og har mindre direkte kontakt med pasientar.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein portør kan vere
å sørge for trygg og omsorgsfull transport av pasientar til og frå behandling eller undersøkingar
å hjelpe ved flytting og plassering (leiring) av pasientar for å sikre komfort og hindre komplikasjonar
å sørge for intern transport av medisinar, prøvar, journalar, utstyr og anna materiell mellom avdelingar
å handtere matvogner, varer og post
å delta i akutte situasjonar, som del av teamet ved sjukdom eller skade
å yte bistand ved større operasjonar eller medisinske prosedyrar
å ta imot pasientar frå helikopterlandingsplass og transport til akuttmottak
å handtere avdøde: transport til kjølerom, nedlegging i kiste og klargjering til syning (ein siste avskjed med den avdøde)
å utføre enkel førstehjelp og bruk av hjartestartar
å sortere og transportere ulike typar avfall i tråd med gjeldande rutinar
Portøren kan i nokre tilfelle ha noko administrativt ansvar, som til dømes å administrere portøroppdrag, svare på telefonar, ta imot varer, ha ansvar for lageret og sortere post.
Portørar er ein viktig del av den daglege drifta til helsetenesta. Dei sørger for at pasientar, prøvar og utstyr kjem trygt og effektivt dit dei skal. På den måten bidreg dei til at alt flyt godt i ein travel sjukehuskvardag.
Samarbeid i helsetenesta
Som portør samarbeider du med mange ulike yrkesgrupper i helsevesenet for å sikre trygg og effektiv pasientflyt og logistikk. Døme på samarbeidspartnarar:
sjukepleiarar og helsefagarbeidarar for å hente og levere pasientar til og frå avdelingar, undersøkingar eller operasjon
legar og ambulansepersonell ved overlevering eller transport av pasientar
radiografar ved transport av pasientar til og frå røntgenologiske undersøkingar
bioingeniørar ved henting av blodprodukt eller levering av laboratorieprøvar
sjukehusprest i samband med syning eller når portøren har ansvar for transport av avdøde
apotekteknikarar og farmasøytar ved levering og henting av legemiddel
reinhaldsarbeidarar for koordinering ved smittevern eller rydding etter transport
servicevertar og resepsjonspersonell for informasjon og rettleiing
vaktmeistrar og teknisk personell ved transport av utstyr
Yrkeskompetanse
Portøryrket krev at du er serviceinnstilt, trygg og roleg i møte med pasientar som ofte er i sårbare situasjonar. Gode samarbeidsevner og kommunikasjon er avgjerande, sidan portøren jobbar tett med både pasientar og ulike yrkesgrupper i helsetenesta. Yrket stiller òg krav til fysisk uthald og evne til å handtere stress fordi arbeidsdagen ofte inneber mykje gåing, flytting og tunge løft. Portøren må ha god kunnskap om ergonomi for å arbeide skånsamt og førebygge belastningsskadar.
Kompetanse om hygiene og smittevern er heilt sentralt i arbeidet. Det er òg viktig å følge reglane for teieplikt og anna relevant lovverk. Portøren bør òg ha oversikt over oppbygninga, rutinane og avdelingane til sjukehuset for å kunne finne fram raskt og jobbe trygt og effektivt. Grunnleggande ferdigheiter i førstehjelp og trygg bruk av teknisk utstyr som pasientheis, transportutstyr og hjartestartar er nødvendig i arbeidskvardagen. Å vere påliteleg og nøyaktig og å vise omsorg og respekt gjer deg som portør til ein viktig del av det tverrfaglege teamet.
Utfordringar til deg
Kva kan vere viktig å tenke på når du transporterer ein avdød person? Kva utfordringar kan du møte i slike situasjonar?
Tenk deg at ein portør ikkje følger smittevernrutinar. Kva kan dette føre til for pasientar og tilsette?
Kva kan skje viss ein portør ikkje utfører tunge løft eller transport ergonomisk korrekt? Korleis påverkar det både portøren sjølv og pasientane?
Korleis kan veremåten og haldningane til portøren påverke tryggleiken og trivselen til pasientane?
På kva måte kan dårleg samarbeid mellom portør og anna helsepersonell påverke pasientsikkerheita?