Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald
Bli kjend på portørbasen
Portørbasen fungerer både som vaktrom og opphaldsrom for portørane på eit sjukehus. Det er viktig med god informasjonsflyt, god kommunikasjon og effektivt samarbeid. Bruk den interaktive portørbasen for å bli kjend i rommet.
Portørbasen
Du kan opne biletet av portørbasen i fullskjerm og bruke musepeikaren eller tastaturet for å navigere rundt. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du gjer oppgåvene under.
Oppgåver
Kva trur du det betyr at portørbasen er sentralt plassert på sjukehuset, og kvifor trur du han er plassert akkurat der?
Kva er ei digital tavle, og kva er formålet med ho?
Kvifor trur du det er viktig at portørane har vaktlista lett tilgjengeleg på vaktrommet?
Kvifor trur du det er det viktig for portørane å ha høve til å kvile mellom oppdraga?