Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald
Bli kjend på sengesentralen
Sengesentralen er rommet der vi klargjer, reingjer og handterer logistikk av senger og pasientutstyr. Her sørger portørar og anna personell for at avdelingane alltid har reine og trygge senger klare til bruk. Bruk det interaktive biletet for å bli kjend med rommet.
Sengesentralen
Opne biletet av sengesentralen under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet for å navigere rundt i rommet. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du løyser oppgåvene under.
Oppgåver
Kvifor er det viktig at sjukehus har ein sengesentral?
Kva er ein bariatrisk stol, og kvifor trur du vi treng eit slikt hjelpemiddel på eit sjukehus?
Kva er ein løftebøyel, og kva er formålet med han?
Korleis kan luftmadrassen førebygge komplikasjonar for pasientar som må ligge lenge i ro?