Schreiben und sprechen
1. Sprich Schweizerdeutsch!
I filmen snakkar folk både standardtysk og sveitsertysk. Høyrde du forskjellen? Dei to språkvariantane kan nokre gonger vere nokså like, men ofte er dei veldig forskjellige. Sveitsertysk er ein munnleg variant av tysk som blir talt i Sveits. Skriftspråket i Sveits er standardtysk, men etter at mobilen kom, har mange sveitserar begynt å skrive tekstmeldingar på dialekt.
Jobb i par eller grupper på tre.
Slå av norsk tekst (under Innstillingar) og sjå filmklippet. Prøv å forstå kva personane seier. Kva snakkar dei om?
Samanlikn den sveitsertyske og tyske teksten i boksane nedanfor. Les så teksten på norsk.
Sjå klippet på nytt og merk dykk uttalen. Fordel rollene mellom dykk, og les den sveitsertyske teksten i boksen under klippet. Prøv å snakke som ein ekte sveitser!
2. Beschreibe ein Bild
Besøk hjemmesida til Heididorf. Vel eitt av bilda under Malvorlagen, og skriv ein kort tekst til det (ca. 100 ord). Bruk gjerne stikkorda nedanfor og skrivehjelpa.
Bilder
Bild 1: Besuch beim Großvater
Pfeife rauchen, Tante bringt Heidi zum Großvater, Heidis Kleider tragen, die Ziegen füttern, Alphütte, Tannen, Ziegen, Blumen, hohe Berge
Bild 2: Heidi und Klara auf der Alp
Alp, hohe Berge, Blumen, Adler, Murmeltier, Ziegen, Ziegenkäse, Freundin, Ziegenmilch trinken, Gras fressen
Bild 3: Klara kann wieder gehen
Berge, Tannen, Blumen, Wiese, Himmel, Wolken, Wasserquelle, Hase, Großvater, Herr Sesemann (Klaras Vater), Glück, barfuß
3. Wie war das Leben vor 100 Jahren?

Jobb i par. Korleis var livet for om lag 100 år sidan? Samanlikn med i dag!
Les spørsmåla og svara i boksen. Sett dei om til norsk.
Reflekter over livet før og nå. Bruk eksempel fra filmen og fra dykkar eige liv.
Lag ein dialog med spørsmål og svar. Skriv enkle setningar som er lette å lære.
Les dialogen høgt saman. Prøv å lære han utanåt.
Snakk saman utan manus. Byt på å stille kvarandre spørsmål og svare.
4. Besuch im Heididorf
A. Willkommen im Heididorf!
Familien din er på bilferie i Europa. Neste stopp er Sveits. De bestemmer dykk for å dra innom Heididorf i Maienfeld. (I Heidi-bøkene er Maienfeld staden Heidi kommer fra.)
Besøk nettsida til Heididorf og finn informasjon. Svar på norsk.
Opningstider: Når held Heididorf opent?
Inngangsbillett: Kva vil inngangen koste for familien din? Sett opp eit reknestykke.
Åtkome og parkering: Kan ein parkere her? Kvar i så fall?
Omvising: Er det mogleg å bestille omvising på førehand? Kvar i så fall? Og når må ein møte opp?
Heididorf: Kva bygningar kan ein besøke her? Kva kan ein sjå og gjere?
Online Shop: Kva kan ein kjøpe her? Kva for ein suvenir ville du sjølv ha kjøpt?
Restaurant: Kvar kan ein ete her, og kva? Finn du ein meny?
B. Eine E-Mail schreiben
Du sender ein e-post til Heididorf før besøket. Du kan starte meldinga med Guten Tag! og avslutte med Mit freundlichen Grüßen og for- og etternamnet ditt under.
Fortel at de er ein familie frå Noreg som gjerne vil besøke Heididorf. Oppgi kva dag de tenker å komme.
Sei at de ønsker å bestille ei omvising. Sidan ikkje alle i familien din snakkar tysk, vil de gjerne ha omvisinga på engelsk. Spør om det er mogleg.
Still også andre spørsmål du ønsker svar på.
C. Viel Vergnügen!
Besøk "Bastelecke" på heimesida til Heididorf og vel ein av desse aktivitetene:
Last ned "Heidi-Postkarte zu Ausmalen". Skriv ei helsing frå Sveits til tysklæraren din.
Last ned "Heidi-Kreuzworträtsel" og løys det.