Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Heidi

Foreldrelause Heidi blir send til ei seter i dei vakre sveitsiske alpane for å bu med den gamle og humørsjuke bestefaren sin. Når ho har funne seg til rette hos bestefaren, blir ho igjen send av garde, denne gongen til ein fornem familie i Frankfurt. Klarer Heidi å finne seg til rette her òg?

Om filmen

Når mor hennar døyr, blir vesle Heidi ein kasteball mellom vaksne som ikkje vil ha ho. Tanta til Heidi, Dete, vil at Heidi skal vekse opp på setra hos bestefaren, men bestefaren vil først ikkje vite av ho. Han er dessutan sur og sinna støtt, og i landsbyen går det rykte om at han har drepe nokon.

Tante Dete etterlet Heidi hos bestefaren. Forholdet mellom Heidi og bestefaren blir gradvis betre, og Heidi blir òg venn med gjetarguten Peter. Dei to bruker dagane ute i den vakre naturen saman med geitene.

Ein dag kjem tante Dete tilbake for å hente Heidi og ta ho med til ein fornem familie i Frankfurt. Bestefaren vil ikkje at Heidi skal reise, og tanta meir eller mindre kidnappar jenta.

Familien Sesemann i Frankfurt har ei dotter som heiter Clara. Clara er rullestolbrukar og treng selskap, og dei to jentene blir snart gode venner. Naturbarnet Heidi tilpassar seg litt etter litt det nye livet i byen, men inst inne lengtar ho tilbake til bestefaren og til fjellet.

Frå bok til film

Filmen Heidi er basert på barneboka med same tittel av den sveitsiske forfattaren Johanna Spyri. Boka blei gitt ut i to delar i 1880 og 1881. Ho kan beskrivast som ein klassisk der vi følger Heidi og utviklinga hennar. Boka har blitt omsett til mange språk og er framleis ei av dei mest kjende barnebøkene i verda.

Den storslåtte naturen i dei sveitsiske alpane speler ei viktig rolle i både bok og film: Det er på fjellet Heidi trivst, og det er her Clara blir frisk igjen. Vi får også eit innblikk i det enkle og harde livet på fjellet for 150 år sidan.

Språket i filmen er både og sveitsertysk og eignar seg derfor godt for språkleg utforsking. Temaa som filmen tek opp, er framleis aktuelle og gir rom for samtale og diskusjon både på norsk og på tysk.

Skrive av Anna Cathrine Andersson og Ida Marie Stokkelien.
Sist oppdatert 25.01.2024