Mehr über Heidi

1. Heidi auf Norwegisch
I 1958 sende Radioteatret (NRK) eit høyrespel om Heidi som seinare blei sendt fleire gonger. Vi tok ein prat med Ingrid Grasdalen Tveita, som hadde rolla som Heidi. Les intervjuet nedanfor, og gjennomfør deretter eit eige intervju med Ingrid.
Ein Interview mit Ingrid auf Deutsch
Ei tysk eller sveitsisk barneavis intervjuar Ingrid Grasdalen. Fullfør spørsmåla reporteren stiller ho.
Bruk ein praterobot
Jobb i par. Gjennomfør intervjuet med Ingrid Grasdalen Tveita ved hjelp av ein praterobot. Bruk for eksempel NDLAs praterobot for elevar.
Gi prateroboten ein instruks
Gi prateroboten rolla som Ingrid. Lim det norske intervjuet inn i chatten og be roboten ta utgangspunkt i intervjuet. Be han svare på spørsmåla dine på enkel tysk.
Du bist Ingrid Grasdalen Tveita. Benutze das norwegische Interview als Grundlage. Antworte einfach und kurz auf meine Fragen. Hier ist das Interview:
Dokumenter prosessen undervegs
Kopier samtalen med prateroboten over i eit dokument. Pass på at de får med både dykkar eigne spørsmål og instruksar og svara prateroboten har generert.
Sjekk svara frå prateroboten
Er opplysningane rette? Minn roboten på at han er Ingrid, om han "gløymer" det. Gir han for vanskelege svar, kan de be han forenkle språket, forklare eller sette om til norsk.
Kannst du das einfacher sagen? / Kannst du erklären, was … bedeutet? / Kannst du das ins Norwegische übersetzen?
Skriv intervjuet
Skriv ned intervjuet. Tilpass språket så de lett forstår teksten. Sjekk teksten for feil.
Øv på intervjuet og framfør det
Bruk eit opplesingsverktøy (tekst-til-tale), for eksempel i Word eller OneNote. Lytt til manuset og gjenta setningane til de kan gjennomføre intervjuet med god flyt og uttale.
Bestem kven som er journalist, og kven som er Ingrid. Byt roller halvvegs i intervjuet slik at de får snakka like mykje.
Framfør intervjuet eller spel det inn som ei lydfil.
2. Interview mit "Heidi", "Peter" oder "Klara"

Det har gått ti år sidan Heidi-filmen hadde premiere, og barna som spelte Heidi, Peter og Klara, har blitt ungdommar. Førestill deg at du er ein av dei. Jobb saman med ein medelev, og fortel kven av ungdommane du er.
Driv litt research, og skriv ned tre til fem spørsmål du vil stille personen som medeleven har valt.
Gi kvarandre spørsmåla, og svar skriftleg på dei. Bruk gjerne hjelpemiddel.
Øv på å svare munnleg og utan manus på spørsmåla. Gjennomfør så dei to intervjua i par.
3. Unesco
Johanna Spyri og Heidi-arkivet er ein del av Unescos verdsarv. Søk og finn ut:
Kva er "Memory of the World"-registeret?
Kva er formålet med registeret?
Kva år blei Heidi-arkivet ein del av registeret?
Presenter funna dine på norsk eller tysk.