Einstieg: Heidi
1. Diskutieren und recherchieren
Snakk saman på norsk.
Har du høyrt om Heidi, den foreldrelause jenta i dei sveitsiske alpane? Har du sett ein Heidi-film eller lese boka om Heidi? Hugsar du noko frå handlinga?
Lekse til neste time: Spør foreldra og besteforeldra dine om dei har lese eller sett Heidi då dei var barn.
2. Gruppenarbeit
Jobb i grupper og løys oppgåve A, B eller C. Presenter til slutt funna dykkar for dei andre i klassen.

A. Das Filmplakat
Klikk på ikonet på plakaten for å sjå bildet i fullformat. Kva ser de? Beskriv først på norsk, så på tysk.
Skriv nokre setningar på tysk. Bruk gjerne snakke- og skrivehjelpa i boksen.
Presentasjon: Vis plakaten for klassen. Peik og fortel på tysk kva bildet viser.
B. Das Heidi-Lied
Finn teksten til Heidi-songen på nettet. Bruk desse søkeorda: Heidi, Lied, Lyrics.
Lytt til songen og les teksten. Fortel kvarandre kva de forstår.
Sett om refrenget ved hjelp av eit omsettingsprogram og samanlikn med korleis de sjølv har forstått det.
Lær refrenget utanåt.
Presentasjon: Forklar refrenget for klassen, og spel så sangen. Alle syng med, med de som forsongarer!
C. Den Trailer beschreiben
Sjå filmtraileren på YouTube. Gode søkeord: Heidi, 2015, trailer, deutsch.
Når og kvar trur de handlinga utspeler seg?
Kva personar møter de i traileren?
Kva seier personane? Forstår de noko av filmdialogen?
Kva betyr "Eine Geschichte, die Generationen begeistert"?
Presentasjon: Vis filmtraileren og forklar på tysk.