Innleiing

Kvifor er kompetanse innan førstehjelp viktig?
Førstehjelp kan vere forskjellen på liv og død, og det er derfor eit krav i forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg (FSE) at alle som jobbar med elektrisitet, skal ha god opplæring i førstehjelp.
Dette omfattar mellom anna hjarte- og lungeredning (HLR) og spesifikke tiltak som må setjast i gang etter straumgjennomgang eller lysbogeulykker.
Kva skjer ved straumgjennomgang og lysbogeulykke?
Straumgjennomgang
Straumgjennomgang skjer når elektrisk straum går gjennom kroppen, og det kan føre til alvorlege skadar. I ei slik ulykke vil straumen følge dei leiande vegane i kroppen, som blodårer, nervar, musklar og skjelett.
Den største faren er straumveg gjennom hjartet, noko som kan føre til hjarteflimmer og hjartestans. Sjølv om skaden kan verke usynleg på utsida, kan det oppstå indre brannskadar på organ og vev, og alvorleg skade på hjartet kan skje sjølv med relativt låg straumstyrke.
Lysboge
Lysboge er ein annan type elektrisk ulykke og skjer når det oppstår ei plutseleg elektrisk utlading mellom to straumførande delar. Lysbogen kan utvikle seg ekstremt raskt, og temperaturen kan nå fleire tusen gradar.
Dette kan føre til alvorlege brannskadar, synsskadar og høyrselsskadar. På grunn av den intense varmen kan det òg oppstå eksplosjonar eller farlege gassar som gjer at personen får problem med å puste.
Refleksjonsspørsmål
Kvifor er det så viktig å kunne førstehjelp når du jobbar med elektriske anlegg og maskiner?
Kva kan vere dei omgåande farane for ein person som blir utsett for straumgjennomgang?
Korleis reagerer folk ulikt på ulykker, og kvifor er det viktig å vere klar over desse reaksjonane i ein nødssituasjon?
Test deg sjølv
Svar på spørsmåla for å sjå kva du har lært.