Varsling ved skade

Varsling ved skade

Ved straumgjennomgang og andre elektriske ulykker er det viktig å raskt varsle nødetatane og informere om kva slags ulykke som har skjedd.
Det finst mobilapplikasjonar som kan hjelpe i slike situasjonar, til dømes Norsk Luftambulanses app Hjelp 113. Han inneheld nødvendig informasjon om skadestaden, helsepersonell og arbeidsgivar, og han er tilgjengeleg for både iPhone og Android.
GPS-koordinatar
Når du ringer frå ein mobiltelefon, kan AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) umiddelbart få din geografiske posisjon, og det kan spare tid ved at dei finn ulykkesstaden raskare. Hjelp 113-appen kan òg vise GPS-posisjonen din, slik at du kan lese han opp til AMK om nødvendig. Viss du ringer frå fasttelefon, vil dei ha tilgang til adressa du ringer frå, med ein gong.
Det er altså viktig at du alltid ringer 113 ved alvorlege skadar, og så raskt som mogleg gir informasjon om kva som har skjedd, og kvar de er.
Refleksjonsspørsmål
Korleis kan bruk av appar på mobilen bidra til at ambulansepersonell raskt finn ulykkesstaden?
Kvifor er det viktig å gi korrekt informasjon om den skadde til nødetatane?
Kva kan skje viss informasjonen om ulykkesstaden er feil eller forseinka?
Relatert innhald
Nettside hos norskluftambulanse.no