Korleis sjekke medvit og pust?

Korleis sjekke medvit og pust?
Når ein person har vore utsett for straumgjennomgang, kan nervesystemet bli alvorleg skadd. Dette kan føre til at personen mister medvitet, får problem med å puste eller utviklar lammingar og talevanskar. Å vurdere medvit og pust er ei av dei første og viktigaste oppgåvene når ein gir førstehjelp. Det er viktig å alltid vere roleg og effektiv og å vite kva du skal gjere for å redde liv.
Sjekk av medvit
Viss den skadde ikkje reagerer på tilrop eller lett risting, er det eit teikn på at personen kan vere medvitslaus.
Sørg for frie luftvegar før du sjekkar pusten viss personen er medvitslaus.
Sjekk av pust
Legg personen varsamt på ryggen, løft haka fram og bøy hovudet varsamt bakover. Dette er nokre gonger nok til at ein medvitslaus person begynner å puste igjen.
Sjå, kjenn og lytt etter pust i 10 sekund.
Sjå om brystkassen hever og senkar seg i eit vanleg tempo.
Legg øyret ditt nær munnen til personen, og kjenn etter luftstraum på kinnet ditt.
Viss personen pustar normalt (8–20 pust per minutt), legg hen i sideleie og bøy hovudet forsiktig bakover for å sikre opne luftvegar.
Kva du skal gjere vidare
Viss personen framleis ikkje pustar etter 10 sekund, må du omgåande starte hjarte- og lungeredning (HLR). Det er òg viktig å bruke ein hjartestartar dersom det er tilgjengeleg.
Hald fram med å overvake pusten til ambulansen kjem. Hugs å òg behandle andre skadar som kan ha oppstått.
Refleksjonsspørsmål
Kvifor er det viktig å sørge for frie luftvegar før du sjekkar om personen pustar?
Kva kan du gjere viss du oppdagar at ein person ikkje pustar normalt etter straumgjennomgang?
Kva er forskjellen på kva du gjer viss ein person pustar normalt, versus når personen ikkje pustar?
Test deg sjølv
Svar på spørsmåla for å sjå kva du har lært.