Kva skjer i kroppen ved straumgjennomgang?
Straumgjennomgang kan føre til alvorlege skadar på organa til kroppen, og kvar straumen går, har mykje å seie for kor alvorlege skadane blir.
Her skal du lære om korleis straumen påverkar kroppen, og kva symptom og behandlingar som er nødvendige ved straumgjennomgang.

Kva skjer i kroppen ved straumgjennomgang?
Når straum går gjennom kroppen, kan han skade fleire organ, og konsekvensane kan vere livstruande. Kvar straumen går gjennom kroppen, straumvegen, er avgjerande for skadeomfanget. Viss straumen til dømes går frå hand til hand eller frå hand til fot, passerer han gjennom hjartet, noko som kan føre til hjartestans eller rytmeforstyrringar.
Symptom på hjarteflimmer kan inkludere
hjartebank
rask og ujamn puls
pustevanskar
smerter og trykk i brystet
svimmelheit og kvalme
Hjarteflimmer
Ved straum i hjartet kan det oppstå hjarteflimmer som kan føre til hjartestans. Hjarteflimmer må bli behandla med ein hjartestartar, og det er derfor svært viktig å få tak i ein hjartestartar raskt. I mellomtida kan hjarte- og lungeredning (HLR) vere livreddande, for det hjelper med å sirkulere blod til hjernen og andre viktige organ.
Krampar
Krampar i muskulaturen kan òg oppstå ved straumgjennomgang, og dette kan føre til at den skadde blir hengande fast til straumkjelda. Dette gjer at straumgjennomgangen varer lenger, noko som kan føre til ytterlegare skadar, som indre brannskadar på kroppsvevet fordi temperaturen i kroppen stig.
Alvorsgraden av skaden
Kor alvorleg skaden er, kjem an på den totale mengda straum som går gjennom kroppen. Straumskadar kan òg bli overskygde av andre alvorlege skadar, til dømes fallskadar. Dette kan føre til at straumgjennomgangen blir oversett, og at behandlinga blir forseinka.
Refleksjonsspørsmål
Kvifor er straumveg gjennom hjartet spesielt farleg ved straumgjennomgang?
Korleis kan krampar påverke varigheita av straumgjennomgangen?
Kva bør du gjere først viss du ser at ein kollega har vore utsett for straumgjennomgang og viser teikn på hjarteflimmer?
Test deg sjølv
Svar på spørsmåla for å sjå kva du har lært.