Bygg eit trådlaust varslingssystem med Arduino Uno R4 og PIR rørslesensor
Dagens læringsaktivitet
Du skal lage eit trådlaust sensorsystem som blir programmert i Arduino. Med eit Arduino Uno R4 utviklingskort og ein PIR-sensor registrerer du rørsle i eit område og sender data til Deploii-nettsida.
Dataa kan visast i sanntid på nettsida og lagrast i skya. Seinare kan du laste ned dataa i ønskt filformat (.csv, .txt osb.) og analysere dei vidare i Python eller Excel.
Slik kan eit ferdig oppsett sjå ut:
Utstyr
Til denne oppgåva treng du følgande utstyr:
Arduino UNO R4 WiFi
USB-A-til-mikro-USB-B-kabel med signallinje
pc som køyrer Windows, Mac OS eller Linux
PIR-sensor, til dømes Grove Digital PIR (måler rørsle)
leidningar og koplingsbrett (breadboard)
Arduino IDE installert (versjon 2.0 eller nyare)
Deploii-biblioteket installert, og dessutan Board Manager for ESP32 (eventuelt òg drivarar)
brukar på Deploii
Oppkopling
Det trengst berre tre koplingar for å drive ein PIR-sensor. Han treng straum/VCC (3,3 volt) og jord for straumtilførsel. For å hente ut data gjennom SIG til sensoren må du kople han til pin 2 på Arduino Uno R4.
Sjå vedlegg for pinout-diagram av Arduino Uno R4 WiFi.
Arduino Uno R4 WiFi | PIR-sensor |
|---|---|
| 2 | SIG |
| Blir ikkje brukt | NC |
| 3,3 V | VCC |
| GND | GND |

NDLA-boksen
Du kan òg velje å bygge prosjektet inn i ein støytsikker boks, til dømes NDLA-boksen.
Deploii-nettsida
Når alt er installert, loggar du deg inn på innloggingssida til Deploii. Deretter må du setje opp følgande (helst i rekkefølge):
eit kort av typen Arduino UNO R4 WiFi
ein datastraum, gjerne kalla PIR
ein måleserie
eit kontrollpanel med
ein graf som viser datastraumen PIR
ei talvisning som viser datastraumen PIR
ein terminal som viser datastraumen PIR
Om du lurer på noko undervegs, kan du sjekke ut dei generelle guidane for Deploii på NDLA. Dei viser deg korleis du utfører dei ulike trinna i lista over. Deploii-filmane kan òg vere gode hjelpemiddel. Og så kan du sjølvsagt òg spørje læraren din om hjelp.
Programmering
Dømekode
Du finn ein dømekode for sensoren Grove Digital PIR-sensor i eit vedlegg sist i denne artikkelen. Han får sensoren til å registrere rørsle. Så blir dataa sende til Deploii. Men du må tilpasse dømekoden litt og setje opp alt rett på nettsida.
Test ut
No som du har sett opp og programmert alt, skal du teste systemet.
Klarer du å få inn nokon data på kontrollpanelet?
Kva slags data ser du?
I kva format synest du dataa er enklast å lese av?
Fungerer datainnsamlinga òg om du koplar Arduinoen din til ein annan pc?
Klarer du å laste ned dataa du har målt?
Kva slags data finn du i fila du har lasta ned?
Datainnsamling
Du kan velje å samle inn data over eit bestemt intervall og lagre desse dataa i ein måleserie. Sidan PIR-sensoren berre gir verdiane 0 og 1, kan du kanskje ikkje bruke data frå denne måleserien til så mykje praktisk arbeid.
Filer for nedlasting
Her finn du eit døme på programvare som kan prøvast ut for å få systemet til å fungere.
- Arduino: Program PIR(INO)
Relatert innhald
Deploii let deg kople mikrokontrollarar til nettsida deploii.no, slik at du kan samle inn og visualisere data via eit kontrollpanel.
For å opprette kommunikasjon mellom eit utviklarkort og Deploii må du gjere nokre grunnleggande oppsett på Deploii og programmere mikrokontrolleren din.

