Brukar og språk i Deploii
Deploii-profilen din
I øvre, høgre hjørne finn du ein sirkel med initialane dine og ein nedtrekksnapp. Bruker du denne, får du opp to alternativ: gå til profilen din, som i biletet under, eller logg ut.
Profilsida viser informasjon om deg henta frå Feide, som fylke og skule, eller informasjon som du sjølv har lagt inn dersom du har ein privat brukar. Etter kvart vil ho òg kunne vise informasjon som er relevant for brukaren din på Deploii.

Alle brukarar
Alle brukarar har tre undersider, "Profilen min", "Brukerstøtte" og "Innstillinger". Brukarstøtte vil fortelje deg korleis du kan få hjelp om du meiner noko er feil med Deploii/nettsida. Her kan du hente ut brukar-ID tilknytt kontoen. Denne kan du sende til Company of Things, som står bak nettstaden, viss det er noko feil, så kan dei hjelpe deg.
Under innstillingar er det foreløpig berre éin funksjon, og det er at du som brukar kan slette all informasjonen som er lagra om deg i databasane til Company of Things. Viss du gjer dette, vil alle dataa dine bli sletta, inkluderte måleseriane dine. Viss du er knytt til Feide og slettar brukaren din, kan du likevel framleis logge inn igjen og setje opp alt på nytt. Dette er fordi Deploii automatisk hentar tilbake igjen info om deg frå Feide.
Språk
Til venstre for profil-knappen er det ein annan nedtrekknapp. Denne let deg velje språk på nettsida. Førebels er bokmål, nynorsk og engelsk støtta. Skiftar du språk, vil dette òg kunne påverke kode-døme.
Skriftlege guidar og videoar, som ikkje ligg på nettsida, vil som oftast vere på bokmål. Mykje av denne plattforma bruker konsept som ofte stammar frå engelsk.
Skulle du komme på gode norske ord som vi ikkje har brukt, ta gjerne kontakt med NDLA eller Company of Things og gjer oss merksame på desse!

Ver merksam på at alle språk bortsett frå bokmål vil påverke nettsida sin URL.