Bygg eit trådlaust varslingssystem med ESP32 og PIR-rørslesensor
Dagens læringsaktivitet
Du skal lage eit trådlaust sensorsystem som blir programmert i Arduino. Med eit ESP32-utviklingskort og ein PIR-sensor registrerer du rørsle i eit område og sender dataa til Deploii-nettsida.
Dataa kan visast i sanntid på nettsida og lagrast i skya. Derfrå kan du laste dei ned i ønskt filformat (.csv, .txt osb.) og analysere dei vidare i Python eller Excel.
Slik kan eit ferdig oppsett sjå ut:
Utstyr
Til denne oppgåva treng du følgande utstyr:
ESP32-DevKitC
USB-A-til-mikro-USB-B-kabel med signallinje
pc som køyrer Windows, Mac OS eller Linux
PIR-sensor, til dømes Grove Digital PIR (måler rørsle)
leidningar og koplingsbrett (breadboard)
Arduino IDE installert (versjon 2.0 eller nyare)
Deploii-biblioteket installert, og dessutan Board Manager for ESP32 (og eventuelt drivarar)
brukar på Deploii
Oppkopling
Det trengst berre tre koplingar for å drive ein PIR-sensor: Han treng straum/VCC (3,3 volt) og jord for straumtilførsel. For å hente ut data gjennom SIG til sensoren må du kople han til pin 19 på ESP32-en.
Sjå vedlegg for pinout-diagram av ESP32-DevKitC.
ESP32 | PIR-sensor |
|---|---|
| 3,3 V | VCC |
| GND | GND |
| 19 | SIG |
| Ikkje i bruk | NC |
NDLA-boksen

Du kan òg velje å bygge prosjektet inn i ein støytsikker boks, til dømes NDLA-boksen.
Deploii-nettsida
Når alt er installert, går du til innloggingssida til Deploii og loggar deg inn. Deretter må du setje opp følgande (helst i rekkefølge):
eit kort av typen ESP32
ein datastraum, gjerne kalla PIR
ein måleserie
eit kontrollpanel med
ein graf som viser datastraumen PIR
ei talvisning som viser datastraumen PIR
ein terminal som viser datastraumen PIR
Om du lurer på noko undervegs, kan du sjekke ut dei generelle guidane for Deploii på NDLA. Dei viser deg korleis du utfører dei ulike stega i lista over. Deploii-filmane kan òg vere gode hjelpemiddel. Og så kan du sjølvsagt spørje læraren din om hjelp.
Programmering
Dømekode
Du finn ein dømekode for Grove Digital PIR-sensoren i eit vedlegg sist i denne artikkelen. Denne koden får sensoren til å registrere rørsle. Så blir dataa sende til Deploii. Men du må tilpasse dømekoden litt og setje opp alt rett på nettsida.
Datainnsamling
Du kan velje å samle inn data over eit bestemt tidsrom og lagre desse dataa i ein måleserie. I og med at PIR-sensoren berre gir verdien 0 eller 1, får du kanskje ikkje brukt dataa frå denne måleserien til så mykje praktisk arbeid.
Test ut
No som du har sett opp og programmert alt, skal du teste ut systemet.
Klarer du å få inn nokre data på kontrollpanelet?
Kva slags data ser du?
I kva format synest du dataa er enklast å lese av?
Fungerer datainnsamlinga òg om du koplar ESP32-en din til andre pc-ar enn din eigen?
Klarer du å laste ned dataa du har målt?
Kva slags data finn du i fila du har lasta ned?
Filer for nedlasting
Her finn du eit døme på programvare som du kan prøve ut for å få systemet til å fungere.
- Diagram: PinoutESP32(PDF)
Relatert innhald
Deploii let deg kople mikrokontrollarar til nettsida deploii.no, slik at du kan samle inn og visualisere data via eit kontrollpanel.
For å opprette kommunikasjon mellom eit utviklarkort og Deploii må du gjere nokre grunnleggande oppsett på Deploii og programmere mikrokontrolleren din.

