Oppsett på nettsida
Kontrollpanel
I det interaktive biletet under kan du gå inn i dei ulike modulane på kontrollpanelet og lese meir om dei.
Oppsett av nettsida
Gjennom dei neste stega skal du setje opp alt det som er nødvendig for at Deploii skal fungere. Denne delen av brukarrettleiinga er støtta av bilete og kodesnuttar som tek deg gjennom dei ulike stega.
Mine kort
Det første Deploii må vite for at nettsida skal kunne kommunisere med kortet ditt, er kva kort du vil kommunisere med, og korleis.
Naviger til sida "Mine Kort" som vist i biletet under, og vel "Nytt kort".
Gå gjennom dei ulike stega og legg inn all nødvendig informasjon.
I løpet av prosessen kan du møte på innstillingar som er skjulte under ein "Avansert"-knapp, desse kan du trygt velje å ignorere inntil vidare.

På biletet under ser du korleis det kan sjå ut etter at du har sett opp eit kort. I dette tilfellet viser nettsida at vi har sett opp ein Arduino UNO R4 Wi-Fi. Viss du har eit anna kort, må du velje det i staden.
Det er eit par ting det er verd å legge merke til i dette biletet.
Først står tilkoplingsstatusen til kortet. For deg vil det truleg stå "Frakoblet", som i dømet vårt. Du må laste opp ein kode til kortet før kortet kan koplast til. Denne koden finn du ved å trykke på "Kople til"-knappen på sida.
Viss du har sett opp fleire kort, kan du velje desse i nedtrekksmenyen i øvre venstre hjørne (der det står "Arduino Wi-Fi" i biletet). Du kan òg sjå kva datastraumar og kontrollpanel som bruker kortet ditt, på kort-sida, når dette er ferdig programmert.

Datainnsamling: datastraum
Etter at du har sett opp eit kort, må du fortelje Deploii kva slags data du ønsker å sende. Dette gjer du ved å opprette ein datastraum. Vel "Opprett ny datastrøm"-knappen under fanen for Datainnsamling.

Her er det berre obligatorisk å fylle inn eitt felt, nemleg namnet på datastraumen. Når du fyller inn namnet, vil det automatisk bli laga ein datastraum-ID, og denne må du legge i koden din.
ID-en finn du ved å velje "Avansert"-knappen, vist i biletet under. Datastraum-ID-en blir generert automatisk ved å konvertere alle store bokstavar til små, alle mellomrom til understrekar og til slutt kvitte seg med spesialsymbol (og bokstavane æ, ø og å, sidan desse ikkje blir støtta i Arduino IDE når vi skal kode seinare).

Til slutt kan du velje ein kategori for datastraumen, gjerne basert på kva type data du planlegg å sende, til dømes temperatur-data eller trykk-data. Dette vil gi datastraumen eit ikon som blir brukt på nettsida, slik at det er lettare å kjenne igjen det som blir målt.

Etter du har sett opp eit par datastraumar, kan nettsida sjå ut som i det interaktive biletet under. Vel du tannhjul-knappen i øvre høgre hjørne av ein datastraum, vil du finne eksempelkode for å sende data frå kortet til han. Legg merke til at det ikkje er nokre tal i namna på datastraumane her, slikt det var i bileta over.
Gi datastraumane eigne namn
Du står fritt til å kalle datastraumane det du vil, som bileta over viser. Generelt er det tilrådd å legge til tal i namna på datastraumane viss du har datastraumar som har liknande namn / måler det same, til dømes tre ulike temperatursensorar på same kort, viss du vil samanlikne data frå sensorane.
Datainnsamling: måleserie
No som datastraumane er sette opp, kan dei brukast på to ulike måtar: anten i ein måleserie eller på kontrollpanelet. Er du mest interessert i å lagre dataa for nedlasting, er dette delen for deg, mens viss du er mest interessert i å observere data i sanntid, kan du hoppe rett til delen om kontrollpanel.
Måleseriar kan bestå av ein eller fleire datastraumar, alt avhengig av kva du ønsker å lagre, og når. Viss du set opp ein måleserie med til dømes tre separate datastraumar, vil Deploii lagre all innkommande data frå desse tre datastraumane.
Det er likevel viktig å presisere at sidan Deploii ikkje kan kontrollere når dei ulike datastraumane blir mottekne (det gjer kortet ditt), kan ikkje ein måleserie lagre dei tre datastraumane synkront. Dette fører til at kvar datastraum vi bli lagra separat med eit eige tidsstempel, slik at når du lastar ned måleserien, får du tre ulike filer, ei for kvar datastraum.
Viss du vil at alle dataa skal hamne i same fil, med same tidsstempel, må du setje opp måleserien med berre éin datastraum og sende ein array (liste) med data til denne måleserien. Dette gjer at Deploii alltid vil få alle dataa samtidig, sidan arrayen blir rekna som éin datastraum som inneheld fleire datapunkt.
Slik ser sida ut når ho er tom for måleseriar.

Opprette måleserie: tidsstyrt
Etter du har valt "Ny måleserie", vil du først bli beden om eit namn på måleserien og å velje kva datastraumar han skal hente data frå. I motsetning til for datastraumar har ikkje namnet på måleseriar noko å seie for kva som du må skrive i koden, så du kan gi han eit meir beskrivande namn, til dømes med veketal eller månad, utan at dette må inn i koden.

Deretter må du avgjere om varigheita av måleserien skal vere bestemd ut frå tidsrom eller eit bestemt antal målepunkt. Vel du tidsrom, blir du beden om ein start og ein slutt, du må setje både dato og klokkeslett. Dette fortel Deploii at alle dataa innanfor start og slutt skal lagrast.
Ver forsiktig, dette kan bli ei stor datamengde ...

Viss du ønsker å ta ein måleserie over eit lengre tidsspenn, kan det i nokre tilfelle vere ønskeleg å ikkje lagre data kvar dag. Derfor kan du setje opp ein rutine / eit filter som droppar visse vekedagar.

Opprette måleserie: datapunktstyrt
Viss det ikkje er viktig for deg akkurat når data blir lagra, men heller kor mykje data som blir lagra, kan du i staden velje eit maksimalt antal punkt. Då vil Deploii lagre måledata opptil talet du skriv inn her. Det er ei avgrensing på 5 000 punkt for kvar enkelt måleserie (både ved tidsrom og punkt).

Aktivering av måleserie
Trykkar du "Fullfør", er måleserien sett opp. Når han begynner å få data, vil statusen gå til aktiv som i biletet under, og dei nylegaste dataa blir samanfatta. "Se mer"-knappen viser meir info.

Her kan du sjå grafen/dataa i større detalj og zoome inn og ut (førstnemnde er svært nyttig ved lagring av mange datapunkt). Viss du bruker musa og flyttar ho over ein av linjegrafane, vil du kunne sjå enkeltpunkt og tida dette punktet vart målt.
Trykkar du på eit av namna under grafen, til dømes "Temperatur", kan du skjule denne eine grafen.

Nedlasting av data
Når du ønsker å laste ned dataa, vel du "Last ned målinger". Her får du alternativ for filtrering av data, og du kan bestemme filtypen. Kvar fil vil heite det same som datastraumen og vere stempla med nedlastingstid.
OBS!
Merk at data berre blir oppbevarte i 90 dagar frå lagringstidspunktet.

Kontrollpanel
No som du har sett opp den tekniske strukturen, er det på tide å bygge eit kontrollpanel der du kan visualisere data på ulike måtar.
Gå til fanen "Kontrollpanel", og du vil finne sida som vist i bileta under. Sida består sannsynlegvis av seks tomme boksar, sidan du ikkje har sett opp noko enno.
Du kan no legge til eit nytt kontrollpanel og gi det det namnet du ønsker.
For å vise måledataa dine må du setje opp ein eller fleire modular i kontrollpanelet.
Først lagar du ein graf ved å velje pluss-knappen nedst til høgre. Gi modulen eit namn, og vel "Fortsett". Vel så kva datastraumar grafen skal vise (maks tre). Desse kan vere frå ulike kort, viss du ønsker det.


Det siste du må bestemme, er kvar på kontrollpanelet modulen skal plasserast. I dette tilfellet blir plass 2, som er i midten øvst, valt. Som du kan sjå frå biletet, kan det berre vere seks modular per kontrollpanel. Men du kan lage fleire kontrollpanel.

Du kan no legge til fleire modular på kontrollpanelet, berre prøv deg litt fram med dei ulike modultypane.
Når du har bestemt deg for kva datastraumar du vil presentere i kontrollpanelet, korleis dei skal presenterast, og kvar dei skal plasserast, kan kontrollpanelet bli sjåande ut som i dette dømet:

Tastaturstyring av mikrokontrollar
Ved å bruke tastaturmodulen kan du bruke Deploii til å styre kortet ditt frå kontrollpanelet. Dette fungerer ved at kvar modul som kan sende data til kortet, får ein modul-ID (du kan sjå på dette som ein datastraum i motsett retning, sjølv om datastraumar er meir tiltenkt måledata enn instruksar).
Kvar gong du til dømes trykker på ein knapp på kontrollpanelet, blir denne ID-en send saman med ein instruks til kortet ditt. Slik kan du samtidig setje opp fleire modular som tilbyr ulik funksjonalitet. Tastaturmodulen er ein av modulane som (berre) kan brukast til styring, og han er viste øvst til venstre i biletet over.
Opprette tastaturmodul
Når du set opp denne modulen, som i biletet under, gir du han først eit namn. Basert på dette namnet blir det laga ein modul-ID. Dette skjer på akkurat same måte som når det blir laga ein datastraum-ID (alt blir til små bokstavar, mellomrom blir erstatta av understrekar, og spesielle symbol og æ, ø og å blir erstatta/fjerna).
Du må òg velje kva kort instruksane skal sendast til. I biletet under er det valt same Arduino som i tidlegare delar av denne rettleiinga.

Etter du har sett opp ein modul for styring, må du legge inn kode på kortet ditt for å få, lese av og reagere på desse instruksane. Som ved datastraumar tilbyr Deploii eksempelkode integrert rett inn i nettsida. Berre vel "Mer"-knappen i modulen, så vil du finne eit alternativ for å sjå eksempelkoden for modulen din.
Bruker du ulike modular, vil du sjå at kva slags instruksar du kan sende, varierer. Nokre modular vil ha førehandsinnstilte instruksar, som "w_down" og "w_up", mens ved andre modular kan du lage dine eigne instruksar. Det finst modular som kan både ta inn datastraumar og sende ut instruksar samtidig.
Modultypar
I denne brukarrettleiinga har vi ikkje gått gjennom alle dei ulike modultypane, men lagt opp til at du skal kunne prøve deg fram litt på eiga hand. Det er med vilje, for dette skal vere ein overordna introduksjon.
Kodegenerator (eksempelkode)
Deploii er sikkert noko heilt nytt for mange, og det kan vere mykje å lære på ein gong. I tillegg er det ikkje slik at alle som har bruk for Deploii, nødvendigvis treng å lære mykje om koding. Av og til held det å redigere litt kode for å få nødvendig forståing.
Derfor kjem Deploii med ein innebygd kodegenerator som lagar eksempelkode for deg, basert på det du fortel nettsida undervegs i oppsettet. Koden du får, er fullstendig frå Deploiis side, det betyr at du ikkje treng meir enn dette for at Deploii skal ta imot/sende data.
Deploii kan (foreløpig) ikkje gi deg kode for dei spesifikke sensorane dine eller anna elektronisk utstyr, som ein servomotor.
Kodegeneratoren finn du på alle hovudsider, altså "Mine kort", "Datainnsamling" og "Kontrollpanel".
Eksempelkodar
Kvar side vil gi deg litt ulik eksempelkode. Under "Mine kort" vil du foreløpig finne kode for å kople kortet til Deploii. Denne er berre meint for å teste at du har gjort alt rett i installasjon og oppsett. Viss du har gjort det, vil kortet stå som "Tilkoblet" på same side etter du har lasta opp koden.
Under "Datainnsamling", på sida med datastraumar, vil du finne eksempelkode for å sende data til ein datastraum. Denne koden er meint som eit generelt døme på sending av data. Kvar modul på kontrollpanelet kan bruke desse dataa.
Likevel er det nok best å hente eksempelkoden direkte frå kontrollpanelsida viss du vil bruke kortet her. Då får du kode spesifikk for kvar modul. Viss du til dømes har lagt inn tre datastraumar i ein graf-modul, vil du få kode som bruker alle tre datastraumane, og ikkje berre ein. Kontrollpanelsida vil òg gi deg eksempelkode for korleis du sender data til kortet frå Deploii, slik kan du styre til dømes eit lys.

Over kan du sjå eksempelkode generert for Terminal-/Logg-modulen. Denne kan både ta imot data frå kortet og sende data til kortet, noko som er vist i eksempelkoden. Du finn kodegeneratoren på kontrollpanelsida ved å velje tannhjul-knappen i øvre høgre hjørne på alle modular.

