Bygg eit trådlaust system for avstandsmåling med ESP32
Dagens læringsaktivitet
Du skal lage eit trådlaust sensorsystem som blir programmert i Arduino. Med eit ESP32-Devkitc-utviklingskort og ein ultralydsensor måler du avstand og sender dataa til Deploii-nettsida. Dataa kan visast i sanntid på nettsida og lagrast i skya. Seinare kan du laste ned dataa i ønskt filformat (.csv, .txt osb.) og analysere dei vidare i Python eller Excel.
Slik kan eit ferdig oppsett sjå ut:
Utstyr
Til denne oppgåva treng du følgande utstyr:
ESP32-DevKitC
USB-A-til-mikro-USB-B-kabel med signallinje
pc som køyrer Windows, Mac OS eller Linux
HC-SR04 ultrasonisk sensor (måler avstand til objekt)
leidningar og koplingsbrett (breadboard)
Arduino IDE installert (versjon 2.0 eller nyare)
Deploii-biblioteket installert, og dessutan Board Manager for ESP32 (eventuelt òg drivarar)
brukar på Deploii
Oppkopling
Det trengst berre fire koplingar for å drive ein ultrasonisk sensor. Han treng straum/VCC (5 volt) og jord for straumtilførsel. For å hente ut data gjennom Trig Pin (triggerpinne) og Echo Pin (ekkopinne) til sensoren må du kople dei til pin 33 og 34 på ESP32-en.
Sjå vedlegg for pinout-diagram av ESP32-DevKitC.
ESP32 | Ultralydsensor |
|---|---|
| 5V | VCC |
| 33 | Trig |
| 34 | Echo |
| GND | GND |

NDLA-boksen
Du kan òg velje å bygge prosjektet inn i ein støytsikker boks, til dømes NDLA-boksen.
Deploii-nettsida
Når alt er installert, loggar du deg inn på innloggingssida til Deploii. Deretter må du setje opp følgande (helst i rekkefølge):
eit kort av typen ESP32
ein datastraum, gjerne kalla Avstand
ein måleserie
eit kontrollpanel med
ein graf som viser datastraumen Avstand
ei tal-visning som viser datastraumen Avstand
ein terminal som viser datastraumen Avstand
Om du lurer på noko undervegs, kan du sjekke ut dei generelle guidane for Deploii på NDLA. Dei viser deg korleis du utfører dei ulike trinna i lista over. Deploii-filmane kan òg vere gode hjelpemiddel. Og så kan du sjølvsagt spørje læraren din om hjelp.
Programmering
Dømekode
Du finn ein dømekode for den ultrasoniske sensoren i eit vedlegg sist i denne artikkelen. Denne koden får sensoren til å måle avstand frå andre objekt. Så blir dataa sende til Deploii. Men du må tilpasse dømekoden litt og setje opp alt rett på nettsida.
Test ut
No som du har sett opp og programmert alt, skal du teste ut systemet.
Klarer du å få inn nokre data på kontrollpanelet?
Kva slags data ser du?
I kva format synest du dataa er enklast å lese av?
Fungerer datainnsamlinga òg om du koplar ESP32-en din til andre pc-ar enn din eigen?
Klarer du å laste ned dataa du har målt?
Kva slags data finn du i fila du har lasta ned?
Dataanalyse med Python eller Excel
No skal du nytte kunnskapane dine til å hente ut og analysere data. Start ein ny måleserie på nettsida for datastraumen du har laga for avstand.
Etter at du har fått ned eit tilstrekkeleg tal datapunkt, til dømes 200 i løpet av ein ti minutts periode, kan du laste ned måleserien.
Fila du får, vil ha same namn som datastraumen din, og ho er stempla med dato og tid slik at du kan halde styre på kva fil som er nyast. Når fila er på pc-en din, kan du laste ho inn i Python eller Excel og t.d. lage grafar og studere dataa i detalj.
Filer for nedlasting
Her finn du eit døme på programvare som kan prøvast ut for å få systemet til å fungere.
Relatert innhald
Ein parkeringssensor er eit nyttig system som hjelper sjåførar å parkere tryggare. Prøv å lage din eigen!
Deploii let deg kople mikrokontrollarar til nettsida deploii.no, slik at du kan samle inn og visualisere data via eit kontrollpanel.

