Analyse av måleseriar i Excel
Kva er ein måleserie?
Ein måleserie er ei samling måledata som har blitt registrert over tid, til dømes temperatur, trykk eller fukt. Dataa blir lagra i filer, til dømes i .csv-format (kommaseparerte verdiar) eller .txt-format (tekstfil).
Kvart målepunkt inneheld desse verdiane:
eit tidsstempel som fortel når målinga blei gjord (her i Unix-format)
sjølve måleverdien, t.d. temperatur i gradar Celsius
Døme på innhald i ei CSV-fil med kommaseparerte verdiar
timestamp,value
1728748800,21.5
1728748860,21.7
1728748920,21.6
Føre kommateiknet står tidspunktet dataa blei sende, i Unix-format (talet på sekund som har gått sidan 1. januar 1970).
Etter kommateiknet står sjølve måleverdiane: 21.5, 21.7 og 21.6.
Import av måledata til Excel
Lagra data og måleseriar kan òg importerast i Microsoft Excel og analyserast der. Slik hentar du data og måleseriar inn i Excel:
Opne Excel.
Vel fane "Fil" og menypunkt "Opne fil".
Vel den fila du ønsker å opne.
Trykk "Opne".
Fordeling av dataa i kolonnar
Du vil no sannsynlegvis få alle tala i éin kolonne, berre atskilde med komma. Men det du ønsker, er eigne kolonnar for tidsstempel og den enkelte datastraumen. Det får du ved å gjere følgande:
Vel kolonne "A".
Vel fane "Data".
Vel menypunkt "Tekst til kolonnar".
Kryss av for punktet "Skiljeteikn".
Trykk "Neste".
Kryss av for punkta "Tabulator" og "Komma".
Trykk "Neste".
Vel dei ulike kolonnane i biletet som kjem opp, og vel punktet "Tekst" for alle kolonnane.
Trykk "Fullfør".

Import av fil
Viss du allereie står inne i eit rekneark, kan du velje å importere ei fil frå fil-fana. Både .csv-, html- og .txt-fil er moglege filformat. For alle tre filformata gjeld at du må velje komma som separasjonsteikn.

Konverterering av Unix-tid
Unix-tid kan vere vanskeleg å lese og forstå. Derfor bør du endre ho til vanleg dato og tidspunkt etter at du har importert fila til Excel.
Du må bruke ein av kodane nedanfor for å gjere om Unix-tid til dato i Excel. Kodane kompenserer automatisk for tidssone og sommar- og vintertid.
Viss Unix-tid er oppgitt i sekund (10 sifre):
Skriv inn denne formelen i ein ny kolonne: =((A1/86400)+25569).
Formater cellene som Dato/tid i formatet dd.mm.yyyy tt:mm:ss.
Viss Unix-tid er oppgitt i millisekund (13 sifre)
Skriv inn denne formelen i ein ny kolonne: =(((A1/1000)/86400)+25569).
Formater cellene som Dato/tid i formatet dd.mm.yyyy tt:mm:ss.
HUGS: I formelen du bruker, byter du ut A1 med den cella der Unix-tida står.

Forklaring
86 400 = sekund per døgn
25569 = talet på dagar frå 1.1.1900 til 1.1.1970
Alternativ kode
Som alternativ løysing kan du nytte denne koden: =(A1/1000)/86400 + DATO(1970;1;1)
Også her må du byte ut A1 med den cella du ønsker å konvertere. Denne koden kan ikkje kompensere for sommar- og vintertid og heller ikkje for tidssone.

Formatering av celler
For å formatere dataa i ei celle eller i ein heil kolonne gjer du følgande:
Marker heile kolonnen.
Høgreklikk.
Vel "Formater celler".
Vel "Eigendefinert".
Vel formatet dd.mm.yyyy tt:mm:ss.
Konvertering av Unix-tid til lokal tid
Når du konverterer Unix-tid i Excel (eller Python), får du alltid tidspunktet i UTC (Universal Coordinated Time), ikkje i lokal tid.
For å kompensere for tidssoner må du legge til 1 eller 2 timar (avhengig av årstid) for å få rett norsk tid (Oslo).
Bruker du denne lange koden, justerer tida seg automatisk til tidssone og til sommar- eller vintertid:
=(((A1/1000)/86400)+25569)+HVIS(OG(MÅNED(((A2/1000)/86400)+25569)>=4;MÅNED(((A2/1000)/86400)+25569)<=10);2/24;1/24)
Konvertering frå internasjonalt til norsk teiknsett
Som du kanskje har oppdaga, bruker mange datasystem (til dømes Python, Deploii eller loggarar) punktum som desimalskilje, mens den norske versjonen av Excel forventar komma. Eit døme på dette er 3.14 (internasjonal standard) og 3,14 (norsk standard).
Viss du har norsk språk og teiknsett på din versjon av Microsoft Excel, må du konvertere dei importerte dataa slik at tala du skal bruke, har komma som desimalskilje. Du kan konvertere tala ved å bruke funksjonen "Søk og erstatt".

Slik går du fram:
Marker området du vil konvertere.
Vel "Heim"-fana.
Vel "Søk etter og marker".
Vel "Erstatt".
Skriv punktumteiknet i feltet "Søk etter": .
Skriv kommateiknet i feltet "Erstatt med": ,
Vel "Erstatt alle".
I og med at systemet her endrar alle punktum-teikna, er det viktig at du ikkje markerer fleire celler enn dei du ønsker å forandre.
Visualisering av data
Når du skal lage diagram, må du merke dataa du vil visualisere, og velje typen diagram du vil bruke: linjediagram, søylediagram eller kakediagram.
Først må du markere området du ønsker å lage grafar frå (vanlegvis tidspunkt og verdi). Du vel så ein type diagram eller graf frå menyen under fana "Set inn".
Dømefiler
Under finn du dømefiler du kan bruke for å prøve ut visualisering av måleseriar i Excel. Desse filene inneheld ulike måleseriar med Unix-tid og ulike måleverdiar. Du kan også bruke dine eigne måleseriar lasta ned frå til dømes Deploii.no.
Lykke til!



