Introduksjon til Deploii

Introduksjon til Deploii
Deploii er eit kraftfullt verktøy for å samle inn, registrere og visualisere data frå mikrokontrollarar. For å bruke Deploii er det viktig at du kjenner til oppbygninga og korleis Deploii kommuniserer med utviklarkort, eller såkalla mikrokontrollarar.
Med "du" meiner vi ein lærar på vidaregåande skule eller ungdomsskulen eller ein engasjert elev som ønsker å fordjupe seg i programmering og sensorteknologi. Deploii kan brukast til å setje opp datainnsamling frå sensorar, men òg til å enkelt styre til dømes lys, robotbilar eller trådlause tog. Ein robotbil kan sende avstandsdata i sanntid mens du styrer han, og Deploii hjelper deg med å styre bilen utan å krasje i noko, sjølv om du ikkje er i rommet!
Når Deploii får sensordata, kan du visualisere dei i sanntid og lagre dataa i skya for seinare nedlasting. Dataa kan lastast ned som mellom anna csv- og txt-filer, og deretter kan du bruke dei i programmeringsspråk (som Python) eller programvare (som Excel) for vidare analyse.
Slik kan eit ferdig kontrollpanel på nettsida sjå ut:

Kva treng du?
For å kunne bruke Deploii er du avhengig av å ha
pc med Arduino IDE versjon 2.0 eller nyare installert
ein brukar på Deploii (Feide eller privat)
mikrokontrollar med wifi
USB-kabel for å laste opp kode til mikrokontrollaren
For at du skal kunne bruke Feide-innlogging, må fylkeskommunen du høyrer til, ha ein avtale med Company of Things.
Nettsida
Programvara som blir brukt, ligg på ei eiga nettside, deploii.no. For å få mikrokontrollaren til å kommunisere med Deploii må kommunikasjonen programmerast inn i koden på ein bestemd måte, og nettsida må òg setjast opp på rett måte.
Her får du ei innføring i korleis du sjølv kan setje opp komponentane til å kommunisere, men korleis du skal programmere sjølve mikrokontrollaren slik at han kommuniserer med eksterne sensorar, må du lære andre stader. Kanskje du kan det allereie?
Logg inn
For å logge inn må du gå til nettsida til Deploii. På sida for innlogging finn du ein eigen innloggingsknapp oppe i høgre hjørne.

For å logge inn har du to val: Feide-innlogging eller med privat brukar. Dersom skuleeigaren din (fylkeskommune) har aktivert Deploii for skulane sine, rår vi deg til å bruke Feide. Har du ikkje Feide-brukar, loggar du inn med privat brukar.

For å lage ein privat brukar treng du ein registreringskode du får tildelt av Company of Things AS, eller at dei lagar brukar(ar) for deg. Send ein e-post til post@cot.as dersom du treng privat(e) brukar(ar).
Oppstartsbiletet
Etter at du har logga inn, vil du få opp ein tom versjon av sida for dine kort og ein navigasjonsmeny til undersidene. Du ser tre val:
Mine kort
Datainnsamling
Kontrollpanel

Mine kort
På sida "Mine kort" set du opp mikrokontrollaren/mikrokontrollarane din(e). Med andre ord fortel du Deploii at du vil snakke med den spesifikke mikrokontrollaren din. Sida heiter "Mine kort" på grunn av dei norske orda utviklingskort og kretskort. Kvart kort får tildelt ein unik ID, litt som eit personnummer, etter at dei er sett opp. Denne legg du seinare i koden din for å identifisere deg ved oppkopling.
Datainnsamling
På sida "Datainnsamling" set du opp datastraumane og måleseriane dine. Det er her du fortel Deploii kva slags data du vil sende frå kortet ditt til Deploii. Dette kan vere eit tilfeldig tal generert av koden, ein hemmeleg beskjed i tekst eller ein avlesen sensorverdi. Du bestemmer heilt sjølv kva du vil sende, kor mykje data du vil sende, og kor ofte du sender data.
Kontrollpanel
På sida "Kontrollpanel" bruker du kort og datastraumar til å lage ditt eige kontrollpanel. Her kan du vise data i flotte grafar eller som tekstverdiar i logg-format. I tillegg kan du setje opp modular i kontrollpanelet som kan snakke til kortet ditt, til dømes styring via knappar på tastaturet.
På denne måten kan du styre kortet ditt trådlaust via wifi.
Relatert innhald
Nettside hos companyofthings.no