Bygg eit trådlaust målesystem med Arduino Uno R4 – avstandsmåling
Dagens læringsaktivitet
Du skal lage eit trådlaust sensorsystem som blir programmert i Arduino. Med eit Arduino Uno R4-utviklingskort og ein ultralydsensor måler du avstand og sender data til Deploii-nettsida. Dataa kan visast i sanntid på nettsida og lagrast i skya. Seinare kan du laste ned dataa i ønskt filformat (.csv, .txt osb.) og analysere dei vidare i Python eller Excel.
Slik kan eit ferdig oppsett sjå ut:
Utstyr
Til denne oppgåva treng du følgande utstyr:
Arduino UNO R4 WiFi
USB-A-til-mikro-USB-B-kabel med signallinje
pc som køyrer Windows, Mac OS eller Linux
HC-SR04 ultrasonisk sensor (måler avstand til objekt)
leidningar og koplingsbrett (breadboard)
Arduino IDE installert (versjon 2.0 eller nyare)
Deploii-biblioteket installert, og dessutan Board Manager for Arduino (eventuelt òg drivarar)
brukar på Deploii
Oppkopling
Det trengst berre fire koplingar for å drive ein slik ultrasonisk sensor. Han treng spenning/VCC (5 volt) og jord for straumtilførsel. For å hente ut data gjennom Trigpin (triggerpinne) og Echopin (ekkopinne) til sensoren må du kople dei til pin 13 og 12 på Arduinoen.
Sjå vedlegg for pinout-diagram av Arduino Uno R4 WiFi.
Arduino Uno R4 WiFi | Ultralydsensor HC-SR04 |
|---|---|
| 5V | VCC |
| 13 | Trig |
| 12 | Echo |
| GND | GND |
NDLA-boksen
Du kan òg velje å bygge prosjektet inn i ein støytsikker boks, til dømes NDLA-boksen.

Deploii-nettsida
Når alt er installert, loggar du deg inn på innloggingssida til Deploii. Deretter må du setje opp følgande (helst i rekkefølge):
eit kort av typen Arduino UNO R4 WiFi
ein datastraum, gjerne kalla Avstand
ein måleserie
eit kontrollpanel med
ein graf som viser datastraumen Avstand
ei talvisning som viser datastraumen Avstand
ein terminal som viser datastraumen Avstand
Viss du lurer på noko undervegs, kan du sjekke ut dei generelle guidane for Deploii på NDLA. Dei viser deg korleis du utfører dei ulike trinna i lista over. Deploii-filmane kan òg vere gode hjelpemiddel. Og så kan du sjølvsagt òg spørje læraren din om hjelp.
Programmering
Eksempelkode
Vedlagt denne aktiviteten er ein eksempelkode. Han er for Ultrasonisk-sensoren. Denne sensoren kan måle avstand frå andre objekt, og eksempelkoden vil så sende dataa til Deploii. Dette krev at du legg inn korrekt informasjon i eksempelkoden og set opp alt rett på nettsida.
Test ut
No som du har sett opp og programmert alt, skal du teste systemet.
Klarer du å få inn nokon data på kontrollpanelet?
Kva slags data ser du?
I kva format synest du dataa er enklast å lese av?
Fungerer datainnsamlinga òg om du koplar Arduinoen din til andre pc-ar enn din eigen?
Klarer du å laste ned dataa du har målt?
Kva slags data finn du i fila du har lasta ned?
Dataanalyse med Python eller Excel
No skal du bruke kunnskapane dine til å hente ut og analysere data. Start ein ny måleserie på nettsida for datastraumen du har laga for avstand.
Etter at du har fått ned eit tilstrekkeleg tal datapunkt, til dømes 200 i løpet av ein ti minutts periode, kan du laste ned måleserien.
Fila du får, vil ha same namn som datastraumen din, og han er stempla med dato og tid slik at du kan halde styre på kva fil som er nyast. Når fila er på pc-en din, kan du laste ho inn i Python eller Excel og til dømes lage grafar og studere dataa i større detalj.
Filer for nedlasting
Her finn du eit døme på programvare som kan prøvast ut for å få systemet til å fungere, og eksempelkode.
Relatert innhald
Deploii let deg kople mikrokontrollarar til nettsida deploii.no, slik at du kan samle inn og visualisere data via eit kontrollpanel.
For å opprette kommunikasjon mellom eit utviklarkort og Deploii må du gjere nokre grunnleggande oppsett på Deploii og programmere mikrokontrolleren din.

