Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Islam

Fagstoff
Video
Lyd
Podkast

Filmar og podkastar om islam

Her har vi samla filmar og podkastar som handlar om ulike sider ved islam. I tillegg har vi lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Islams historie

Lær om korleis islam oppstod og utvikla seg i denne filmen (lengde 5:28). Filmen blir brukt i artikkelen "Islam – opphav og utbreiing".

Video: Arkikon / CC BY-SA 4.0

Film: Jeg er muslim

I denne filmen (lengde 9:54) møter du tre unge muslimar som fortel om religionen sin. Filmen blir brukt i oppgåva “Utforsk religiøs identitet“.

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Film: En ballong til Allah

Då den norsk-tyrkiske filmskaparen Nefise var ung, pleidde ho å sende brev med ballong til Allah. Denne dokumentaren (lengde 58:45) er det vaksne ballongbrevet hennar, der målet er å endre kvinner si rolle i islam. Filmen blir brukt i oppgåva "Ein ballong til Allah".

Film: Manislam

Filmen (lengde 1:01:58) belyser korleis fleire muslimske menn kjempar for likestilling innan ein religion der mange meiner kvinna skal vere underlegen mannen. Du kan lese meir om filmen i artikkelen "Manislam". Du kan òg lese meir om kjønnsroller og islam i artikkelen "Kjønn i islam".

Film: Skriften

I denne filmen (lengde 7:14) besøker hinduen Juhashinee Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskéen for å snakke om dei heilage skriftene. Filmen er brukt i oppgåva "Skrifta".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Film: Målet

Kva er målet med livet for ein kristen og ein muslim? I denne filmen (lengde 7:53) snakkar ein ahmadiyya-muslim og ein katolikk saman om dei store spørsmåla i livet. Filmen er brukt i oppgåva "Målet".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Podkast: Islam og kristendom i media

Media speler ei viktig rolle i kvardagen til dei fleste av oss. Korleis er det å høyre om noko som står oss nært, bli kritisert i media? I denne podkasten skal vi utforske korleis islam og kristendommen kjem til uttrykk i media. Podkasten er brukt i oppgåva "Religion i media".

Heilt personleg

Islam og kristendommen i media

Media speler ei viktig rolle i kvardagen til dei fleste av oss, anten vi les på nett, ser på TV eller får nyheiter som varsel på telefonen. Men korleis er det å høyre om noko som står ein nært, og som...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 18.05.2022