Filmoppgåve: En ballong til Allah - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Filmoppgåve: En ballong til Allah

Nefise Özkal Lorentzen har laga tre filmar som tek for seg kjønn i islam. I denne oppgåva kan de bruke filmen En ballong til Allah for å forstå meir om kvinnesyn i islam.

Før filmen

Fordel oppgåvene under mellom dykk før de ser filmen En ballong til Allah og noter undervegs:

  1. Noter ned det Gamal Al-Banna seier om kjønn i islam.

  2. Noter ned det salafist-sheiken Mahmoud Mekki seier om menn og kvinner islam.

  3. Noter ned kva Nawad el Saadawi seier om kjønn i islam.

  4. Noter ned kva Asma Barlas seier om kjønn i islam.

Etterarbeid og presentasjon

  1. Gå gjennom notata dine og lag ei god oversikt. Det kan òg vere lurt å finne litt meir informasjon om personane som snakkar og meiningane deira i andre kjelder.

  2. Presenter det de har funne for dei andre i klassen.

Diskusjon

  1. Kva kan årsakene vere til at det er så ulike syn på kjønn i same religion?

  2. Trur de dette vil gjelde i andre religionar òg?

  3. Synest de filmskaparen framstiller synet på kjønn og kjønnsroller på ein nøytral måte? Grunngi svara dykkar.

Tilleggsoppgåve

Gamal Al-Banna er broren til Hassan Al-Banna, mannen som starta det muslimske brorskapet, og som blir rekna som opphavet til mange av dei konservative muslimske rørslene i dag.

  1. Finn ut litt meir om tankane til dei to brørne.

  2. Kva kan årsaka vere til at to brør har så ulike syn på religion som desse to?

  3. Diskuter kva det kan gjere med ein familie når familiemedlemmane er så djupt ueinige om korleis ein religion skal praktiserast.

Andre filmar av Nefise Özkal Lorentzen

På NDLA film finn du òg Lorentzens to andre filmar om kjønn, Gender Me og Manislam. Dei handlar om høvesvis homofili og synet på det å vere mann. Desse kan òg brukast til ein diskusjon om kjønn i klassen.

  1. Kvifor har det utvikla seg så mange ulike syn på kjønn og seksualitet i religionane?

  2. I kor stor grad meiner de at desse syna kan leve side om side?

Gender Me

Manislam

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022