Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Krigen i Ukraina

Russlands angrep på Ukraina er kanskje den mest alvorlege konflikten i Europa etter den andre verdskrigen. Den ortodokse kyrkja i Ukraina og Russland står òg i ein konflikt. Undersøk meir om den ortodokse kyrkja, og utforsk om religion kan spele ei rolle i krigen mellom Russland og Ukraina.

Oppgåve 1. Den ortodokse kyrkja

Undersøk korleis Den ortodokse kyrkja er organisert. Bruk gjerne artikkelen "Den ortodokse kirke" på Store norske leksikon som kjelde.

Sjå spesielt på

  • forholdet mellom dei ulike kyrkjene

  • leiarskap

  • korleis avgjerder blir tekne

Oppgåve 2. Religion og konflikt i Russland og Ukraina

Les artikkelen "Bak Ukraina-invasjonen lurer en kirkekonflikt" på Religioner.no og svar på spørsmåla under.

  1. Forklar kva ueinigheita mellom den russiske og den ukrainske kyrkja går ut på, og kva rolle patriarkane Kirill og Bartolomeus speler i konflikten.

  2. Kva for konsekvensar har denne konflikten hatt for fellesskapet i den ortodokse kyrkja etter 2019?

  3. Beskriv forholdet mellom Putin og Den russisk-ortodokse kyrkja.

  4. Reflekter over korleis denne artikkelen kan hjelpe deg til å forstå meir av konflikten mellom Russland og Ukraina.

  5. Finn døme i nyheitene på at ortodokse patriarkar har uttalt seg om krigen i Ukraina. Kva seier dei?

  6. På kva måtar trur du religiøse leiarar kan påverke politiske prosessar? Gi gjerne døme.

  7. På kva måtar trur du politiske leiarar kan bruke religion for å oppnå måla sine? Gi gjerne døme.

  8. Denne artikkelen blei skriven kort tid etter Russlands angrep på Ukraina i 2022. Undersøk kva som har skjedd vidare med

    • patriark Kirills støtte til krigen i Ukraina

    • forholdet mellom patriarkane Kirill og Bartolomeus

    • den ortodokse kyrkja i Ukraina

Oppgåve 3. Vidare utforsking

  1. Vebjørn Horsfjord samanliknar i artikkelen sin Vladimir av Kyiv med Olav den Hellige. Undersøk og samanlikn kva rolle desse to personane har hatt i høvesvis russisk, ukrainsk og norsk historie.

  2. Den russisk-ortodokse kyrkja hadde dårlege kår under det kommunistiske styret i Sovjetunionen. Undersøk kva rolle kyrkja hadde i Sovjetunionen, og korleis denne rolla endra seg i Russland etter at kommunismen fall i 1991.

Skrive av Karen Marie Halden, Eivind Sehested Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 26.02.2026